Lokal | 03. aug. 2014
Ni tatt i Os og Dalen
UP kontrollerte både fart og bilbeltebruk i Os laurdag kveld.
Kjetil Vasby Bruarøysundag 03. aug. 2014 10:25
Utrykningspolitiet hadde trafikkontroll både i Os sentrum og i Hegglandsdalen frå laurdag ettermiddag til eit stykke ut på kvelden laurdag.
– Vi vil sjå at alle kjører trygt og fint no når det er festival i bygda, seier politibetjent Trude Lande.
Ved Statoil-stasjonen sto Lande og kollegaen med laser og kikkert og sjekka trafikken mot sentrum frå nord på Byvegen.
Det resulterte i eitt forenkla forelegg på fart og tre gebyr på 1500 kroner kvar for manglande bruk av bilbelte.
Snittfart på 73 km/t
På Hegglandsdalsvegen blei det tatt tre bilistar i for høg fart i 50-sona.
– To av dei blei målt til snittfart på 73 km/t.