Lokal | 05. juni 2012

Nesten samde

Fylkesmannen har justert seg på 8 av 12 motsegn mot arealplanen. - Kommunestyret må ta stilling til dei siste fire, seier ordføraren.

Nesten samde
Marie Bruarøy (H), Bjørn Matland (H) og Terje Søviknes (Frp) deltok alle på meklinga med fylkesmannen sine folk (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 05. juni 2012 14:38

Som Midtsiden skreiv om i mars kunne arealplanen for Os kommune hamna på departementet sitt bord om ikkje fylkesmannen og kommunen blei einige i høve dei 12 motsegna fylkesmannen hadde mot planen.

Fylkesmannen meinte i mars at dei hadde hatt den ordinære meklinga då dei drøfta fylkesmannen sine motsegn på eit møte 17. august 2011. Likevel sa dei eit ja til nytt meklingsmøte med kommunen i førre veke.

Mannsterk tropp

Kommunen stilte mannsterke med ordførar Terje Søviknes (Frp), fungerande varaordførar Bjørn Matland (H), varaordførar i permisjon Marie Bruarøy (H), leiar i plan- og bygningsutvalet Ståle Skaathun (H), opposisjonen sin representant Terje Sperrevik (TvS) og kommunalsjef Karl Ole Midtbø.

- Eg opplevde tonen i møtet som veldig god, noko som pregar dialogen mellom kommunen og fylkesmannsembetet, orienterte ordførar Terje Søviknes.

- Det trur eg vi skal takka ordføraren for. Han har fått til ein heilt anna dialog enn nabokommuna nord for oss, skaut Marie Bruarøy inn.

8 av 12 i boks

Fylkesmannsembetet hadde før møte 12 motsegn mot arealplanen for kommunen.

- Av dei 12 sakane som gjensto fekk vi i det vesentlege gjennomslag for 8 av dei.

- Dei fire siste punkta går på jordvern.

- Der er det opprinneleg statens landbruksforvaltning som har kome med motsegna. Eg opplevde at fylkesmannsembetet fann det vanskeleg å bli einige om motsegn som eit anna statleg organ hadde kome med, orienterte Søviknes.

Kan framleis enda hos departementet

Kommunestyret må på sitt møte 19. juni ta stilling til kva dei vil gjera med dei siste fire motsegna.

- For nokre av punkta kan det være løysing å løfta det til departementet så får dei ta stilling til om arealet skal kunne settast av til offentleg formål eller om jordvernet tek høgst.

- Det positive er at vi kom i mål og at vi no får ei avrunding av arealplanprosessen som har vart lenge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.