Kultur | 21. juli 2014

Nesten klar til bruk

Nye Nore Neset ungdomsskule er ferdig. Berre éin ting manglar.

Nesten klar til bruk
Nore Neset ungdomsskule. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 21. juli 2014 08:42

Bildeserie:

Skulen er ferdig og klar til bruk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Skulen er ferdig og klar til bruk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Her kjem ein stor ballbinge som kanskje er klar til skulestart. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Her kjem ein stor ballbinge som kanskje er klar til skulestart. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Stolar, pultar og symaskiner er på plass. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Stolar, pultar og symaskiner er på plass. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Måndag 18. august er det skulestart. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Måndag 18. august er det skulestart. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Parkeringsplassen har to ladepunkt for elbilar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Parkeringsplassen har to ladepunkt for elbilar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 5

I oktober var det kranselag og i mars kom bruksløyvet (sjå video). Noko prøvebruk av skulen blei det ikkje, men måndag 18. august er alt klart for skulestart på nye Nore Neset ungdomsskule.

– Vi manglar litt dokumentasjon, men skulen er 99 prosent klar. Minst. Det aller meste er sluttført og godkjent, seier prosjektleiar i Os kommune, Tor Inge Døsen.

Rundt skulen ser det også fint ut, men det linjelekre, innhaldsrike skulebygget er ikkje supplert med mykje som appellerer til elevaktivitet utandørs.

Får stor ballbinge

Ungdomsskulen ligg i Skeismyra innanfor Nore Neset skule og idrettsplassen, tett inntil Liafjellet. Vegen er kort til både idrettshallen og kunstgrasbanen, men rundt skulen er det førebels få installasjonar.

– Skal vi halda budsjett så blir det ikkje så mykje utomhus, men det kan vi ta på sikt. Skulen skal stå der lenge.

– Tomta og området rundt består av mykje fint terreng, og på ein planert plass mellom skulen og idrettshallen kjem ein ny ballbinge til ungdomen.

– Bingen er større enn det som er normalt å bygga, 30 x 15 meter, og går alt etter planen er også denne klar til skulestart.

15 klasserom

Totalt blir skulen på 5 500 kvadratmeter med 15 standard klasserom (kvart trinn med fem klasser får kvar sin fløy), praksisrom, grupperom, spesialrom for musikk, kunst- og handverk, mat og helse med fleire.

I kvar av dei tre klasseromsfløyane får lærarane eigne arbeidsrom med plass til 20 lærarar.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.