Lokal | 14. mars 2013

Nesten bil i fronten

Politiet: Burning på Nore Neset heldt på å gå gale. Måtte ta hand om rusa person med kniv og ein person som låg langflat på gangsti.

Nesten bil i fronten
Burning (Ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 14. mars 2013 09:26

Onsdag fekk politiet melding om uvettig køyring/burning i nærleiken av Nore Neset skule.

- Meldar heldt på å få bilen som dreiv denne uvettige køyringa i fronten.

- Det skal ha vore ein svart bil, muligens ein Toyota Celica, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Personen som meldte frå til politiet hadde ikkje klart å få med seg registreringsnummeret på bilen.

- Vi var ute for å sjå etter bilen, men fann den ikkje.

- Ei generell oppfordring til folk som ser slike ting er å prøve å notera seg registeringsnummer og spesielle kjenneteikn.

Rusa med kniv

I åtte-tida torsdag morgon måtte patrulja frå lensmannskontoret ta turen over elva for å ta hand om ein rusa person i Os sentrum.

- Vi traff på karen og tok han med oss inn på kontoret.

- Der blei han ransaka og vi fann ein kniv på han.

- Han skal ikkje ha opptrådd trugande med kniven, men blir meldt for å bera våpen på offentleg stad, forklarar Hadler-Olsen.

Låg langflat

Tysdag kveld tok politiet seg av ein person som låg langflat på ein gangsti i Hagavik-området.

- Det var ein kjenning av politiet som trengde medisinsk hjelp grunna rus.

- Han blei køyrd til legevakta før han blei frakta vidare til ein institusjon i byen for oppfølging, seier politibetjent Tom Johannessen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.