Neste UKM i ny hall
Påmeldinga er i gang til kulturmønstringa for Os og Fusa i 2019.
Lokalmønstringa for Os og Fusa neste år blir arrangert 9. mars i ny idrettshall i Eikelandsosen som skal opna på nyåret.
– Du kan no melda deg på digitalt på ukm.no. Det er ope for påmelding fram til 3. mars, og det er alt fleire påmelde! fortel Agnes Smørholm og Erik Vangsnes i ei pressemelding.
• Sjå bildeserie og video frå UKM 2018: Gripande rekord-UKM
Fylkesfinale i Os
Etter lokalmønstring i Fusa blir det fylkesmønstring for alle som blir sendt vidare.
For Hordaland blir denne halden i Oseana 5. til 7. april, mens den nasjonale UKM-festivalen vert i Arendal i slutten av juni.
Frå 11 til 20 år
Den nasjonale kulturfestivalen for ungdom, UKM, er sprell levande og inviterer alle unge mellom 11 til 20 år til fest.
– Gjengen bak UKM i Os og Fusa ønskjer å få med alle kreative unge krefter i den nye Bjørnafjorden kommune til ei stormønstring av musikk og kultur. Har du eit eller anna du driv på med på fritida du kan visa fram for andre? Er det kreative ting som skjer i skulekvardagen som kan løftast fram på ein scene, i ei utstilling eller på eit filmlerret? Kanskje du har lyst å vera med i den unge arrangørstaben. Då er UKM rette staden for deg og det er berre å melda seg på.
Nedre aldersgrense er 11 år (5. klasse) og oppover 20 år, men om minst halvparten som samarbeider om eit innslag er i rett alder kan det vera med både yngre og eldre deltakarar.