Lokal | 23. feb. 2016

Neste steg: kulvert

Omkøyringsvegen i krysset mellom Industrivegen og Ulvenvegen er opna. No skal det gravast tunell for gåande under det komande nye krysset.

Neste steg: kulvert
Måndag opna denne midlertidige omkøyringsvegen. Seinare kjem det rundkøyring i krysset mellom Industrivegen og Ulvenvegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 23. feb. 2016 13:59

Bildeserie:

Det kjem éi rundkøring på Ulvenvegen, den til venstre utgår. (Ill. Statens vegvesen)
Det kjem éi rundkøring på Ulvenvegen, den til venstre utgår. (Ill. Statens vegvesen)
No blir det gravd kulvert (tunell for gåande og syklande). (Foto: KVB)
No blir det gravd kulvert (tunell for gåande og syklande). (Foto: KVB)
Også midlertidig gang- og sykkelveg er asfaltert og opna.  (Foto: KVB)
Også midlertidig gang- og sykkelveg er asfaltert og opna. (Foto: KVB)
1 av 3

Som del av bygginga av E39 Svegatjørn-Rådal er delar av Ulvenvegen stengt og ny, utvida busslomme på plass i Kolskogheiane.

Ulvenvegen skal opna igjen, med nytt T-kryss ved Kolskogheiane og rundkøyring over det som var sørenden av vatnet (sjå vekk frå venstre rundkøyring i kartet i bildeserien over).

RETTA: Vi skreiv først at det skulle koma rundkøyring ved Kolskogheiane, slik det gamle kartet viser. Det stemmer ikkje, det blir T-kryss.

No er krysset lagt om for bygging av den eine rundkøyringa.

Industrivegen er lagt i eit rettare strekk, i midlertidig omkøyring, sånn at det er plass til å grava kulvert (tunell for gang- og sykkelveg) under det komande T-krysset.

Omkøyringsvegen blei opna måndag. Også midlertidig gang- og sykkelveg er asfaltert og tatt i bruk.

Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn - Rådal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.