Neste år får du prikkar for å lesa tekstmelding
Er du i prøveperioden ventar fire prikkar om du «fokuserer på mobiltelefonen» mens du køyrer bil.
Bruk av mobiltelefon under køyring, særleg bruk som handlar om tasting og lesing, er forbunde med høg risiko.
Sidan forbodet mot bruk av handhalde mobiltelefon i svært låg grad blir respektert, innfører regjeringa no prikkbelasing for ulovleg bruk av mobiltelefon under køyring.
Ordninga trer i kraft 1. januar 2019.
2 eller 4 prikkar
Brot på forbodet vil frå denne datoen føra til to prikkar på førarkortet. Er du i prøveperiode blir det fire prikkar.
I dag gir brot på forbodet 1700 kroner i bot.
Eit blikk er nok?
Det er tydeleg at departementet vil ha slutt på all bruk, og at dei ser alvorleg på saka.
«Endringsforslaget er særlig begrunnet i et ønske om å motvirke den trafikkfarlige bruken som innebærer tasting og/eller fokusering på telefon under kjøring» sto det i høyringsbrevet då saka var oppe til diskusjon.
– Samferdselsdepartementet vil følgja utviklinga nøye, og både storleiken på bota og mengda prikkar vil bli justert opp om det viser seg å vera naudsynt, skriv regjeringen.no.