Nest best av 282
Apotek 1 Flåten fekk 2. plass i kåringa av årets apotek i kjeden.
I førre veke fekk Apotek 1 Flåten, apoteket på AMFI Os, 2. plass i Apotek 1 sin kåring av årets Apotek 1 i 2012.
Heile 282 Apotek 1 over heile Noreg kjempa om tittelen.
– Apotek 1 Flåten har ein engasjert og svært dyktig leiar i Silje Søviknes Hagevik, som har fokus på å bygga team. Dei er ein flott kollegagjeng som jobbar godt saman og får resultat, sa driftsdirektør Johannes Hagen då han saman med administrerende direktør Øyvind Winther og kjededirektør Knut Arne Colbjørnsen annonserte Apotek 1 Flåten som sølvvinnarar.
Apotek 1 Flåten vann også ein fin sum til sosiale formål. Vinnaren var Apotek 1 City Nord i Bodø.
– Vi er utruleg stolte av prisen. Dette er eit resultat av svært godt samarbeid blant alle tilsette ved apoteket, seier Silje.
– Alle står på gjennom travle arbeidsdagar. Og så har vi mange hyggelege kundar som gjer at jobben vår blir både enklare og kjekkare, legg ho til.