Lokal | 01. juni 2015

Nekta å stoppa, må ut med 13.000 kroner

Han burna på Kuventræ og venta for lenge med å stoppa då politiet låg bak med blålys. No må bilførar punga ut.

Nekta å stoppa, må ut med 13.000 kroner
Her stoppar burnarane etter å ha hatt politiet bak seg frå Kuventræ ein onsdag i oktober 2013. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 01. juni 2015 12:19

Det var ein onsdag i slutten av oktober 2013 at politiet høyrde lyden av kvinande dekk i nærleiken av Kuventræ.

(BA skreiv om saken i helga, og framstilte det som at politiet kjeda seg på vakt og spelte fotball på ein parkeringsplass. Vi reknar med at det var den faste felles treningsøkta på Kuventræ vakthavande betjentar var del av.)

Dei to som hadde vakt kasta seg i bilen og tok opp jakta på syndaren, ein bilførar som både trudde han hadde lov til å leika seg på «øde område», og som venta litt for lenge med å svinga inn til sida.

Han kjørte ned Idrettsvegen og ut på Byvegen retning sør (Os sentrum), utan å stoppa sjølv om politiet låg bak med blålys, og etterkvar også sirener. Då han svinge inn Gymnasvegen meinte politiet at han hadde venta for lenge med å stoppa på signal.

Endra forklaring

Tiltalte, ein mann i 20-åra, innrømte til politiet at han hadde burna, men viste på mobiltelefonen sin ein artikkel som fortalte at det var lov å svi litt gummi på øde område.

Han forklarte vidare at han ikkje hadde lagt merke til blålysa, då det var lyst ute. Men han hadde inga forklaring på kvifor han ikkje hadde sving av tidlegare etter at sirenene også var på.

I retten nekta han straffeskyld. Han endra også forklaring og sa det ikkje var han som hadde burna på Kuventræ. Retten festa ikkje lit til verken føraren eller passasjeren si forklaring.

Tiltalte blei dømt til å betala 10.000 kroner i bot og 3000 kroner i sakskostnadar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.