Lokal | 06. sep. 2013

Nei til bru til Søre Øyane !!

Lesarinnlegg: Bru over Bjørnafjorden har vore ei mykje omdiskutert sak i Os siste året.

Nei til bru til Søre Øyane !!
Andris Hamrefredag 06. sep. 2013 08:08

Enkelte vil ikkje ha bru over Bjørnefjorden, men vil heller ha bru over Fusafjorden, medan andre vil ha bru over Bjørnefjorden dersom brua har ilandføring ved Bjørnatrynet.

Høgre vil byggja bru over Bjørnafjorden med ilandføring på Bjørnatrynet, og ynskjer ei snarleg utredning av dette alternativet.

På Hordaland Høgres årsmøte i mars fekk vi i Os Høgre gjennomslag for å leggja inn krav om ilandføring av bru over Bjørnafjorden ved Bjørnatrynet med tunnel vidare til Moberg/Svegatjørn.

Statsministerkandidaten til Høgre, Erna Solberg, har uttalt seg etter ho var på synfaring på Halhjemsvegen at det blir for omfattande å byggja ut denne, og at denne vegstrekninga difor må leggast i tunnel til Moberg/Svegatjørn.

Vi i Os Høgre har støtte på fylkespolitisknivå og på rikspolitisknivå, for at ei eventuell flytebru ikkje skal landa i Søre øyane.

Det er fleire lokalparti i Os som er imot bru over Bjørnefjorden. Til dømes Venstre stemte for indre trasé (bru over Fusafjorden), men dei fekk ikkje eingong gjennomslag av sitt eige fylkesparti.

Senterpartiet er for indre trasé - på kommunalt nivå og på fylkespolitisk nivå, men dei har altså ein samferdselsminister (Marit Arnstad) som ikkje vil uttala seg om saka.

Er du i mot bru til Søre Øyane?

Då er Høgre det rette partiet for deg

Godt val !

Emil Tetlie Brimsholm,
kommunestyrerepr.
Os Høgre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.