Nei, dette handlar ikkje om 17. mai
Ole Henning ville illustrera frisk luft. Resultatet blei magisk (og litt komisk).
Ole Henning Bøe, tidlegare engasjert i filmfestivalen WT og «kjent» for tittelen «verdas beste postkøyrar», fekk nyleg ein idé.
– Eg ville illustrera kor frisk luft vi har i Os, fortel Ole Henning med eit lurt smil.
– Det tok litt av, men sånn var det i filmfestival-tida òg, ideane blei utbrodert og gjennomført med stil.
Bunad, båt og lam på Bø
Bøe ringte fotograf Vidar Langeland, som var «hoff-fotograf» for gutane i filmfestivalen.
– Det blir ofte både kreativt og morosamt når desse gutane har noko på gang, så eg var med.
Ideen var å visa naturen i Os på sitt beste og mest nasjonalromantiske vis. Då er fjorden, nasjonalbåten og bunaden obligatorisk.
Det var òg ambisjonar om å ta eit lam med i båten, men det blei praktisk vanskeleg, dermed blei det photoshoot også på Bø.
– Ideen var god, vêret var supert og resultatet blei veldig bra, synest Ole Henning.
Hemmeleg baktanke
Bilda blei tatt måndag 9. mai. Tysdag 17. mai blei nokre av dei delt på Facebook. Passande for dagen, men litt merkeleg med ein håv opp i lufta, kanskje?
– Vi skulle jo fanga frisk luft, seier Ole Henning og ler.
Å få Tina Bøe Buer, Åsmund Lien og Ørjan Setvik i rett antrekk, om bord i ein oselvar - og ein tur til lamma på Bøe, var kanskje ikkje berre på gøy?
– Nei, kanskje ikkje. Eg skal nok bruka bilda, men eg vil førebels ikkje seia kva eg skal bruka dei til, seier ein løyndomsfull Ole Henning.