Sport | 20. okt. 2017

Nedrykksstrid kan enda i kvalifiseringskampar

Dette er smertegrensene for Os når serien blir avslutta i morgon.

Nedrykksstrid kan enda i kvalifiseringskampar
Dette er tala som er interessante for Os-tribunen i morgon. (Foto/tabell: KVB/fotball.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. okt. 2017 10:38

I dag blei det kjent at Os sin protest etter 2-2 borte mot Aalesund 2 er avvist grunna brot på varslingsfrist.

Os Fotball vurderer å anka, men med mindre dei ankar, og denne blir tatt til følgje (ei avgjerd som neppe blir fatta før serieavslutting laurdag kl 14), er dette det dei må forhalda seg til.

Om Os tar poeng heime mot serieleiar Brattvåg i morgon så bergar dei plassen i 3. divisjon. Då vil òg sambygding Lysekloster ha sjanse til å rykka opp, men dei treng å gå forbi Brattvåg i poeng, då Brattvåg har 28 (!) betre i målforskjell.

Bortekampen, Brattvåg - Os, enda med 3-1-siger til serieleiaren.

Os toler å tapa i morgon, men er då avhengig av at Haugesund 2 - Stord, som begge ligg 3 poeng bak, anten speler uavgjort eller at vinnaren ikkje skårar for mange mål.

Plassering på tabell, ved lik poengsum, blir avgjort etter:
1. Målforskjell.
2. Mengde skåra mål.
3. Innbyrdes oppgjer. Viss det står likt tel skåra mål på bortebane dobbelt.
(Sjå detaljert regelverk nedst i artikkelen)

Situasjon 1: Stord tar 3 poeng

Stord ligg best an bak Os, med 5 mål i dårlegare differanse og berre 2 mål bak Os i mengde skåra mål.

Det betyr at om Os taper med 2 mål og Stord slår Haugesund 2 med 3 mål på bortebane, er det innbyrdes oppgjer som tel.

Her er Os suveren, med 2-5-siger borte og 6-3-siger heime.

Det betyr at Viss Stord skal berga plassen, til fordel for Os, må dei forbetra målforskjellen med 6 mål eller meir i forhold til Os.

Situasjon 2: Haugesund 2 tar 3 poeng

Haugesund 2 ligg heile 10 mål bak Os i differanse. Samtidig møter Os eit Brattvåg som to gongar i haust har vunne 8-0 (den eine gongen mot Haugesund 2).

I mengde skåra mål ligg Os 9 mål framfor Haugesund 2, i innbyrdes oppgjer står dei to heilt likt, då begge kampane dei to imellom enda 1-1.

Det betyr at om Os taper 0-1 i morgon og Haugesund 2 slår Stord 9-0 heime, står Os og Haugesund 2 likt og må spela kvalifiseringskampar for å avgjera kva lag som held seg i 3. divisjon.

Om Os taper 0-5 og Haugesund 2 vinn 5-0 vil dei stå likt i målforskjell, men Os vil likevel halda seg, då dei har skåra fleire mål enn Haugesund 2 denne sesongen.

• Terminliste og tabell

Frå konkurransereglementet til NFF:

Dersom to eller flere lag ender på samme poengtall, skal rekkefølgen avgjøres etter
følgende kriterier:

1) Målforskjellen, dvs. forskjellen mellom scorede og tapte mål. Har noen av lagene med lik plassering etter pkt. c fått registrert 3-0 ifølgekampreglementets §§ 13-2, 13-6 eller 14-10, skal resultatene også for de øvrige lag med samme plassering regnes for 3-0 mot den/de motstandere det
gjelder.

Står fortsatt to eller flere lag likt, avgjøres rekkefølgen av:

2) Antall scorede mål. Det lag som har scoret flest mål går foran. For antall scorede mål gjelder samme regler som under pkt. a med hensyn til
kamper avgjort ifølge Kampreglementets 13–2, 13-6 eller 14-10.

Ved fortsatt likhet er:

3) Resultatet av innbyrdes kamper avgjørende. Ved likhet teller scorede mål på bortebane, dobbelt. Står tre eller flere lag fortsattlikt etter at antall scorede
mål er tatt i betraktning, avgjøres rekkefølgen av en tabell satt opp etter de innbyrdes oppgjørene mellom disse lagene.

Dersom rekkefølgen fortsatt ikke er avgjort, og det gjelder mesterskap eller opp-nedrykk, skal den avgjøres ved kvalifiseringskamper.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.