Nattbadarar gjorde hærverk på Solstrand
– Det er gjort omfattande skadeverk, fortel Børrea Schau-Larsen.
I 02.45-tida natt til søndag blei det oppdaga rundt 15 nakne ungdomar i badeavdelinga til Solstrand Hotel & Bad.
Dei var ikkje gjestar ved hotellet, men hadde brote seg inn for å bada.
– Dei løpte frå staden då dei blei oppdaga, opplyser politiet.
Skadeverk på kostbart utstyr
Børrea Schau-Larsen fortel at ein vektar oppdaga og jagde personane vekk.
– Utandørsbassenget er dekka til når spaanlegget er stengt. Dette har dei brote opp. I tillegg har dei tatt seg vidare inn i resten av anlegget.
Utanom kostnadane til reparasjon og nytt utstyr, kjem bestillingstid og periode med stengt avdeling.
– Det blir dessverre omfattande å rydda opp etter slikt hærverk.
Diskresjon og tillit
– Vi ønskjer at Solstrand skal vera ein stad der både tilsreisande og lokalbefolkinga kan koma for å få eit lite avbrekk. Derfor etterstreber vi òg optimal diskresjon, og er blant anna ytterst varsame med bruk av overvakingskamera.
Børrea fortviler over at lokal ungdom ser ut til å visa lite respekt for bedrifter i bygda.
– Vi har hatt lokale, ubedne gjestar éin gong før. No ser vi oss dessverre nøydd til å installera full overvaking på denne delen av eigedomen.
Ho fortel at tilsette ved hotellet veit kven nokre av dei er, og at saka blir følgd opp.
– Om ungdomen eller foreldra deira er einige i at dette ikkje er greit - ja, så er dei velkomne til å koma her og be om unnskyldning. Vi skal alltids klara å finna ein måte dei kan ordna opp for seg på.