Lokal | 25. jan. 2013

Nasking, høg fart og steinkasting

Ein gut blei tatt for å stela snus, ein mann fekk tilsnakk for høg fart og ein familie på Hjelle fekk ruta til gjesterommet knust av stein.

Nasking, høg fart og steinkasting
Politiet sjekka ut ein kjenning som hadde to syklar, men han fekk sykla vidare med begge to. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. jan. 2013 09:31

Torsdag i 15-tida fekk politiet melding om nasking ved ein butikk på Amfisenteret.

– Ein 14 år gamal gut blei tatt for å stela snus. Vi kjørte han heim og fekk ein prat med foreldra.

– Guten er meldt og det er rutinemessig sendt varsel til barnevernet, opplyser politibetjent Rune Fimreite.

Tilsnakk etter høg fart

Klokka 14.45 i går observerte politiet ein bil som heldt høg fart opp Mobergsbakken.

Politiet følgte etter bilen, men tok den ikkje igjen før bilen sto parkert utanfor heime til føraren, ein mann i slutten av 20-åra.

– Sidan vi ikkje hadde måling av farten så fekk han berre tilsnakk. Men hendinga er loggført, så om det skjer noko liknande igjen stiller føraren svakare.

Kven kasta steinen?

Torsdag i 19-tida høyrde ein familie på Hjelle eit brak i det eine vindauget.

– Ein stein på storleik med ein knyttneve hadde blitt kasta i vindauget til gjesterommet deira.

– Det ytste av to lag blei knust og dette var naturlegvis ei ubehageleg oppleving, seier politibetjent Thorvald August Bye.

– Dette kan sjå ut som gutestrekar så foreldre i nabolaget kan kanskje ta ein prat med ungane sine, og om dei vil gjera opp for seg og få dette ut av verda så er det berre til å ta kontakt med oss eller huseigar.

111 lovlydige

Frå klokka 14.20 torsdag hadde politiet kontroll i Hjellemarka ved Storestraumen på Søfteland.

– Vi kontrollerte trafikken frå by'n til Os, til saman 111 bilar.

– Vi fann ingenting å reagera på, så det var positivt, seier Fimreite.

Kjenning med to syklar

I 19.30-tida møtte patruljen ein kjenning av politiet, med to syklar.

– Han hadde ei grei forklaring og syklane blei sett på som av så låg verdi at han fekk sykla vidare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.