Lokal | 19. juli 2013

Nær treft av tre

Råttent tre fall ned berre meter framfor barnevognene. – Hadde vi ikkje stoppa for å prata, kunne det ha treft oss, fortel Hilde Kristine Søfteland.

Nær treft av tre
Turvenninnene Hilde Kristine Søfteland og Mariell Halhjem er glad dei ikkje holdt eit høgre tempo då treet falt (privat mobilbilete)
Andris Hamrefredag 19. juli 2013 14:28

Dei to venninnene Hilde Kristine Søfteland og Mariell Halhjem har gjort det til ein vane å leggja den daglege trilleturen på gangvegen langs ved Mobergslia. Fredag kunne det gått skikkeleg gale.

– Vi gjekk den vanlege ruta som vi går kvar dag, då eit tre plutseleg ramla ned rett framfor oss.

– Hadde det ikkje vore for at vi gjekk roleg og prata så kunne fort vi eller ungane, som låg i vogna, blitt treft, fortel ei uroa Hilde Kristine Søfteland.

Ho håper no at nokon kan gjerna noko for å sikre skråningen slik at ikkje dei, eller andre, opplever det same igjen.

– Treet blei løfta ut av gangvegen av nokre syklistar som ville ha fri bane, seier Søfteland.

Ikkje berre å høgga

Oppsynsmann Jan Terje Lund i Os kommune fortel at det ikkje er så enkelt.

– No veit eg ikkje nøyaktig kor dette skjedde, men delar av skråningen i Mobergslia er verna.

– Om hendinga skjedde innan dette området er det ikkje berre å felle trea, då dei er verna gjennom lova sjølv om dei byrjer å bli rotne, forklarar Lund.

Han ville umiddelbart ta ein tur for å sjå kor det skjedde og kva som eventuelt kunne gjerast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.