Nær ny rekord for Sofie
Bildeserie: Strålande idrett i strålande vêr då Søfteland TIL inviterte til stemne på friplassen søndag.
Det var ingenting å seie på, korkje vêret eller innsatsen då sesongens siste friidrettsstemne på friplassen på Søfteland blei arrangert søndag. I 20 varmegrader blei det nok satt mange nye personlege rekordar.
– Sofie Hausberg frå Os Turn går for ny pers i høgde no. Lista ligg på 1,46, fortalde primus motor Erling Andersen då Midtsiden var innom.
Diverre blei det riv på det unge friidrettstalentet frå Os, men fleire av dei var hårfine.
Åtte klubbar
Andersen strålte omkapp med sola når han såg seg rundt på friplassen.
– Vi har heile 86 påmeldte. Det kan vera at det har kome nokre til etter at vi starta òg.
– Ekstra kjekt er det at det er mange klubbar som er representert, seier Andersen før han ramsar opp Os, Nore Neset, Lysekloster, Opptur, Kalandseid, Fana og Kolltveit frå Sotra i tillegg til arrangørklubben Søfteland.
Stemnet var for aldersgruppa 6 til 16 år kor dei konkurrerte i kule, lengde, høgde, 600 meter kappgang og løp, 60 meter løp.
– Dette er det siste stemnet vi har på friplassen i år. Då har vi totalt arrangert fire, to i vår og to i haust, avsluttar Andersen i det han løper vidare for å hente nye startlister.