Nær 1000 på tenning
Fakkelfredag i Os sentrum blei igjen ein suksess. Nær 1000 små og store osingar stilte opp til tenning av juletreet.
Os sentrum har gjort det til ein tradisjon å ha fakkeltog frå Irisgarden til torget i starten på kvar adventstid. Arrangørane var spente på om det blei nok ein blaut aften eller om vêrgudane ville spele på lag. Det gjorde dei. I klarvêr og rundt null grader stilte osingane mannsterke opp.
– Vi har delt ut vel 300 faklar, så kan du rekne at det er tre personar på kvar fakkel, fortel ei oppglødd Laila Moberg.
Med andre ord var nær 1000 mennskje med å fakkeltoget og tenninga av julegrana på torget.
Ti, ni, åtte...
Kultursjef Lisbeth Axelsen leia det heile med stødig hand. Då julegrana skulle tennast fekk ho med seg ungane til å telje ned.
– Ti, ni, åtte, sju, seks, fem, fire, tre, to, ein, talte ein ivrig flokk ungar høgt og tydeleg til kultursjefens store glede.
Musikalsk stilte Vegard, Oda og Charlotte frå Kongshaug Musikkgymnas opp med julesangar og som følgje til gangen rundt juletreet før ivrige ungar kalla på nissen som sjølvsagt hadde med seg spennande gåver i sekken.