Nabolag utsett for omfattande vandalisme
Kulegrillar, akebrett og blomsterpotter slengt til skogs.
Søndag formiddag oppdaga fleire innbyggarar i Hesthaugen, nær Lyssand, at nabolagog hagar ikkje såg ut heilt som før.
– Hagemøblar er kasta til skogs, det same er kulegrill, blomsterpotter og anna hageinnredning, fortel Karsten Wangberg.
Det har vore innbrot i fleire bodar. Her er det romstert og kasta ut fleire ting, blant anna syklar og oppblåsbart badebasseng.
– Vi er fire-fem hus som er berørte. Eg hadde ting i hagen min som hører til lengre borte i gata, og fleire av våre ting var kasta inn i andre hagar eller ut i skogen.
Mens Karsten snakka med Midtsiden kom ein sjette nabo og spurde om nokon hadde sett teltduken hans.
– Ønskjer ikkje å kopla inn politiet
Foreløpig ser det ikkje ut til at noko er stole.
– Utebelysinga mi er rive ned, men ei kostbar skrumaskin som sto rett ved sidan av er urørt. Dette har nok ikkje vore eit tjuveriraid, men rein vandalisme.
– Det er to ting som manglar, blant anna ein sykkel, men det er jo mogleg at vi finn den igjen nede i skogen.
Sykkelen blei funnen igjen i tett gras ved Os Dyreklinikk etter samtalen med Midtsiden.
– Har de mistanke om kor tid dette skjedde, eller kven som kan stå bak?
– Hunden vår reagerte på noko i 01-tida i natt, men eg ba han berre legga seg igjen.
– Nei. Det var ein fest i nabolaget i går, men alle deltakarane skal visst ha blitt henta med bil i 22-24-tida.
– Vi ønskjer ikkje å kopla inn politiet, men dei som står bak kan godt melda seg til oss, så vi veit om dette er noko vi bør uroa oss for skal gjenta seg.