Lokal | 06. apr. 2016
Naboar sløkte brann
En bil tok fyr i Sollia onsdag ettermiddag. – Naboar varsla brannvesenet og starta sløkkinga, fortel politiet.
Andris Hamreonsdag 06. apr. 2016 15:39
15.15 gjekk meldinga hos brannvesenet om at ein bil sto i brann på ei adresse i Sollia litt sør for Os sentrum. Då brannvesenet kom til staden var brannen i det store og heile sløkt av naboane.
– Naboane oppdaga brannen og varsla brannvesenet før dei gjekk i gang med sløkkinga, fortel vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.
– Bileigar var ikkje heime og så vidt vi veit var et ingen i bilen då den tok fyr. Kva som er årsak til brannen veit vi ikkje. Det er gjort ein god innsats av naboane, skryt politiet.
Brannvesenet tok seg av ettersløkking og forlot staden rett før 15.40.