Sport | 29. okt. 2013

Myrkdalen doblar kapasiteten

Søndag er den første snøen venta, i slutten av november opnar Myrkdalen Fjellandsby ein stor, ny ekspressheis og fire nye løyper.

Myrkdalen doblar kapasiteten
– I tillegg til fire nye løyper opnar det seg, med ny heis, eit nytt område for frikjøring, seier Norheim. (Ill. foto: Daniel Rönnbäck)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 29. okt. 2013 10:30

Myrkdalen, som i haust kom med heilt ny profil og har gått over frå namnet Voss Fjellandsby til konsekvent å bruka Myrkdalen Fjellandsby, utvidar før starten på skisesongen.

Eigarane, Schage Eigedom AS (54%), Grendahl Holding AS (36%) og Aurland Ressursutvikling AS (10%), investerer 60 millionar kroner i ein ny, moderne 6-seters ekspressheis.

Både Sparebanken Vest og Innovasjon Norge har bidrege i heisfinansieringa.

Fire nye løyper

– Det blir fire nye løyper frå den nye heisen, i nytt, spennande terreng. Eit større laussnø-område opnar seg òg, i tillegg til at vi lager ei ny barneløype til vinteren, seier John Ivar Norheim, dagleg leiar i Myrkdalen Fjellheiser.

Den nye heisen får namnet Storhaugsekspressen og blir 1,7 kilometer lang og tar deg opp 440 høgdemeter.

Blant dei fire nye løypene, der minst tre av dei skal opna i år, er det både svarte, raude/blå og grøne.

Heisen får ein kapasitet på 2600 gjestar i timen, noko som utgjer nær ei dobling av den totale kapasiteten i området.

Sesongstart i november

Søndag og dei første dagane i neste veke er det meldt snø i Myrkdalen.

Men det er framleis nokre veker til sesongstart.

Ifølgje heimesidene til Myrkdalen har dei mål om å opna heisane i slutten av november.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.