Myndig dyreklinikk
Søndagsportrettet: I 1995 gjekk Eva-Kristin Lunde mot eigne og andre sine motsegner og starta opp Osøyro Dyreklinikk. 18 år seinare har ho 10 tilsette og bedrifta står stødig.
- Korleis har det vore å realisera jentedraumen?
- Det var vågalt, og dei første åra tenkte eg at det var totalt galskap. Sjølv om det har vore mykje jobbing så angrar eg ikkje.
- Etter mange år med mykje jobbing er det ei fantastisk kjensle at klinikken no kan gå sin gang utan at eg alltid må vera til stades, fortel Lunde om klinikken som 6. mars fylte 18 år.
Ein skal tidleg krøkast
Eva Kristin vaks opp på gard med foreldre som dreiv med dalasau, og allereie i førskulealder fekk ho kjennskap til oppgåver frå dyrlegeyrket.
- Eg var med som fødselshjelp frå ung alder, det passa meg fint for eg hadde så små nevar. Bestefar min sa då til meg at eg hadde talent og burde bli dyrlege, men då svarte eg kontant nei.
- For meg så var ein dyrlege einstydande med ein mann, så det kunne eg jo ikkje bli, seier ho og ler.
Eva-Kristin lærte etterkvart at kvinner faktisk òg kunne bli veterinær, og frå då av hadde ho planen klar. I 1994 blei ho uteksaminert frå NVH i Oslo og året etter var Osøyro Dyreklinikk ein realitet.
I starten var det produksjondyr som var hovudmålet til klinikken. Eva-Kristin reiste rundt og hjelpte til på gardar, medan ho tok imot smådyra på kveldstid. Etter kvart blei det meir og meir smådyr som kom inn på klinikken og i dag er det smådyr og hest som er inntekstskjelda.
- Korleis var arbeidsmarknaden i Os då du starta opp klinikken?
- Eg fekk pasientar frå dag éin, men det er ein marknad som må byggja seg opp over tid. Eg trur det var uvant for osingane å ha tilgang på klinikk og bruken av han.
- Du anar ikkje kor mange kattungar eg hadde inne til avliving i starten, medan i dag ser eg det heldigvis sjeldan.
- Innbyggjarane er blitt flinke til å kastrera og sterilisera kattane sine, noko som er veldig positivt.
Dyreglad familie
Det blei fort for mykje å gjera for éin person og Eva-Kristin måtte ha inn fleire folk for å få unna alt arbeidet.
- Eg hadde nokre korttids-assistentar dei første åra, men etter kvart som tida gjekk så fekk eg inn deltidsassistentar og i dag har eg ti tilsette, blant dei to veterinærar på fulltid.
- Staben er tidobla frå eg starta åleine i '95, og det er eg veldig stolt over.
Med fleire tilsette blir det endeleg meir tid til andre ting for Eva-Kristin, som også driv gårdsbruk på Bø saman med sambuaren. Dei har to born på åtte og elleve år og på garden har dei elleve hestar og både hundar og kattar.
- Heile familien delar interessa for dyr og ungane er ivrige ponny-ryttarar, så det blir mange rideturar på heile gjengen.
- Elles så elskar eg å gå på tur i fjellet med eller uten hest, men alltid med hund.
Osingar tar vare på dyra
Eva Kristin synest osingar er flinke til å ta seg av dyra sine og møter utruleg mange gode dyreeigarar og hyggelege kundar.
- Er det noko dyreeigarar kan bli flinkare til?
- Stort sett kan osingane halda fram som dei gjer no, det er heldigvis langt mellom dei negative opplevingane. Takk og lov for det.
- Eg trur det er litt "bonde" i botn hos osingane, så det å vera god mot dyra er noko som er i dei.
- Kva vil du seia er det mest utfordrande med veterinæryrket?
- Det er eit stort arbeidspress og mental belastning i akutte situasjonar, der din innsats er 100 prosent avgjerande for utfallet. Mykje stress er relatert til det.
- Og det mest gjevande?
- Dei tilfella der eit dyr kjem inn og det ikkje ser ut som det overlever, men så klarer vi å redda det, det er veldig gjevande.
- Det å kunna lindre smerte hos dyra og også alle dei takksame eigarane er verdifulle opplevingar.
Eva-Kristin har sidan oppstarten etterutdanna seg innan akupunktur og kiropraktikk på dyr.
- Det har vore veldig lærerikt, og eg har fått god bruk for dei kunnskapane.
Stas med Hamnesjefen
- Kva er det minste og største dyret du har behandla?
- Det har vore dansemus innom klinikken og eg har fjerna svulst på hamster. Det største må vera ein hest frå rasen Percheron, eit dyr på 1,2 tonn. Han var enorm!
- Kva skjer med dyra som ikkje overlever eller som må avlivast?
- Dei blir sendt til krematorium og kremert.
- Kva dyr får de inn mest av på klinikken?
- Det må vera hund, tett følgt av katt.
- Har det vore nokre spesielle dyr til behandling?
- Svanestyret var jo kjempestas å få vera ein del av.
Eva-Kristin siktar til oppstyret i fjor, då svana Hamnesjefen blei sjuk. Etter grundige undersøkingar kom det fram at Hamnesjefen var blyforgifta, og etter fullført behandling er han no tilbake på patrulje i Os hamn.
Les òg: Feira med svanedans (med video)
- Vi fekk inn ei ugle ein gong som var utsulta og avmagra etter å ha vore innestengt, då blei det mykje ståhei. Då vi fann ut at vi kunne kjøpa fryste mus i dyrebutikken, tina dei og fôra ho med det. Då kvikna ho til, og etter fjorten dagar så var heile klinikken med og sleppte ho fri på Bø.
Stallkatt og stall-ilder
– Er det nokre hendingar som du hugsar ekstra godt?
- Eg gløymer aldri den gongen vi måtte redda ein hest som hadde ramla utfor ei bratt skrent på Moldegård, det var ikkje noko kjekk oppleving. Vi fekk hesten opp att, men han hadde for store skadar og måtte avlivast.
- Ei anna hending var med ein katt som nokon kom inn med frå utkanten av bygda. Han var skoten med paintball. Katten var dekka av maling og vi måtte amputera det eine øyret hans.
- Katten trivdes godt på klinikken, men etter ei stund fekk vi tak i eigarane hans og han reiste heim. Veker seinere står han brått utanfor døra på klinikken og vil inn. Det viste seg at katten likte å vera streifa rundt som det passa han. Vi døypte han Tateren og han endte opp som stallkatt heime på Bø.
- På Bø endte også ein ilder som blei funnen på eit kjøpesenter i Bergen. Han blei stall-ilder.
- Samtlege som arbeider på klinikken har nok tatt til seg eitt eller fleire huslause dyr som har kome inn døra på klinikken.
Eva-Kristin jobbar i desse dagar med å finna nye lokale til klinikken, då dei ikkje kan bli verande i Landboden.
- Landboden skal rivast, men kor tid det skjer er eg ikkje sikker på. Vi er takksame for tips om kvar vi kan halda til vidare, seier Eva-Kristin Lunde.
5 på rappen
-Kan du fortelja ein ting om deg sjølv som få eller ingen veit om?
- Eg er eigentleg veldig glad i å lesa, men har sjeldan tid til det.
- Kva slags lesestoff føretrekk du?
- Når eg då har tid til lesing så liker eg bøker frå forfattarane Gabriel Garcia Marques og Isabel Allende.
- Korleis er den perfekte fridagen?
- Ein dag med nydeleg vêr og eg og hunden min Dina spring på fjellet. Musikk på øyra og full fart.
- Kva er din beste og din verste eigenskap?
- Det beste må vera at eg har god evne til empati. Det verste er at når eg har mykje på meg så kan eg bli frykteleg sur.
- Om du kunne reist tilbake i tid og gjeve eit råd til den yngre deg, kva ville det ha vore?
- Sjølv om eg i dag ikkje angrar på yrkesvalet så ville eg kanskje ha råda meg til å finna eit litt meir behageleg liv. Og eg ville tipsa meg sjølv om å reisa meir på fjellet.