Lokal | 06. sep. 2013

Mykje torden - lite tull

Det lyner over Os fredag kveld - men til no har det ikkje bydd på problem.

Mykje torden - lite tull
Lyn over Sundøyhagen på Røttingen fredag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. sep. 2013 23:22

I 21.45-tida fredag byrja det, som meldt, å lyna over Os.

I 23.15-tida kom det framleis glimt og tordenskrall.

– Vi har førebels ingen meldingar om problem eller straumbrot, seier Hong Nguyen, teknisk vakt i Os kommune.

Også hos BKK og hos brannvesent har det vore stille – til no.

Det var i utgangspunktet meldt fint vêr denne helga, men finvêret ser ut til å vera utsett til søndag ettermiddag.

Både Yr og Storm melder mykje nedbør fram til klokka 12 laurdag, Storm reknar med at det det regnar ut dagen.

Men det skal halda seg varmt, rundt 18 gradar, og søndag ser det ut til å bli lettskya og opp mot 21 gradar.

Meldingane for måndag og tysdag er også varierte, måndag er det venta skya og nedbør til kvelden, tysdag noko lettare skydekke og rundt 16 gradar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.