Fotball | 05. apr. 2012

Mykje speletid til Mats Cato

Mats Cato Moldskred trivst i Sverige. Måndag er det seriestart for Brage i Superettan.

Mykje speletid til Mats Cato
Mats Cato Molskred (t.h.) trivst i Borlänge og IK Brage. Her saman med lagkamerat Michael Eklund. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. apr. 2012 20:04

I midten av januar reiste osing og tidlegare Løv-Ham- og Bryne-spelar Mats Cato Moldskred til Sverige for å spela for IK Brage frå Borlänge på nest høgaste svenske nivå, Superettan.

Les òg: Moldskred til Superettan

– Nokre dagar etter at eg kom fekk vi alt på plass i kontrakten, så då blei det signering og jakt etter bustad, seier Mats Cato.

Heller tysk enn svensk

Han fekk seg husvære eit steinkast frå heimebanen og fem minutt gange til sentrum i byen, som har rundt 50.000 innbyggarar. Han har også fått seg bil, men det er verken snakk om Sabb eller Volvo.

– He, he! Nei, med dei onklane som eg har er berre BMW godt nok, seier Moldskred, som på slektsstemner er omringa av BMW-entusiastar.

Bra med speletid

Måndag 9. april startar Brage serien, seriestart blir på bortebane mot Assyriska.

Her er kampoppsettet for Superettan.

Sjansen er nok stor for at ferskingen frå Noreg kjem på banen i kampen.

– Vi har spelt cirka 8 treningskampar etter at eg kom til klubben og eg har spelt i start i alle utanom éin.

– I to av kampane steppa eg inn for venstrekanten, som var skadd, i dei andre spelte eg høgrekant. Men konkurransen om plassane er hard, så eg må halda meg i toppform om eg skal henga med, det merker eg.

Klar for nettkjenning

Mats Cato fortel at Brage er ein fin klubb å vera i, og at han ikkje er einsam i Sverige.

– Eg har kontakt med fleire lagkameratar på fritida, ein av dei er naboen min. Vi går på kino i lag og går ut og et saman. Eller berre tar eit slag på playstation, vi finn alltid på noko å gjera når det ikkje er trening.

Kampane har gått greit med siger i over halvparten. Men generalprøven, som gjekk mot eit 2. divisjonslag, enda med tap.

– Det blei ein litt rar kamp i ekstrem vind, eg trur ikkje den betyr så mykje. Sjølv føler eg at formen er på topp, no håper eg på ein god sesong både for meg og for klubben, seier Mats Cato.

Førebels har det ikkje blitt nettkjenning på osingen, men éin assist i treningskampane. Det betyr nok at appetitten er på topp før seriestart.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.