Mykje fyll og krangling
Full ungdom henta med ambulanse på Halhjem, mann i arresten og mykje bråk i Os sentrum.
Laurdag i 20.30-tida rykte politiet ut til familiebråk på ei privat adresse i Os.
– Eit familiemedlem, ein mann i 40-åra, var så full og aggressiv at vi tok han med til overnatting i arresten, fortel politibetjent Kenneth Rastad.
Full ungdom henta med ambulanse
I 1-tida natt til søndag fekk politiet melding om mykje fyll ved ein stor privatfest på Halhjem.
– Ein av ungdomane var så full at vedkomande blei henta med ambulanse.
Politiet fekk inntrykk av at det var ein fest for det komande russekullet i 2014, men flere av festdeltakarane var mindreårige.
– Dei oppførte seg fint, men hadde drukke for mykje, så vi avslutta festen og sendte folk heim.
Fyll og krangel i sentrum
Rastad fortel om ei helg med mange småoppdrag relatert til festing og fyll.
– Det var ingen slåsting eller drikking på offentleg stad, men generelt mykje folk ute, mange som var fulle og ein del som krangla, blant anna eit og anna ektepar.
– Fleire personar blei sendt vekk frå sentrum natt til søndag.