Mykje folk
Bildeserie: Då Bondens dag og Kystsogedagen blei arrangert på Osøyro laurdag. Sol, frukost og dyra lokka publikum til sentrum.
Arrangørane av Bondens dag og Kystsogedagen var maksimalt heldige med vêret då dei inviterte til Osøyro laurdag førmiddag.
– Det er jo heilt fantastisk.
– Til frukost serverte vi omlag 300 osingar.
– Det gjekk ei kule varmt her den første tida, strålar leiar i sentrumsforeninga, Geir Amundsen.
God rekruttering
På kyrkjeflaten hadde Os bondelag rigga til med dyreskue og prøvesitjing av landbruksredskaper.
– Det var som landsbrukssjefen sa.
– Ein skal ikkje tru ein slit med rekutteringa til landbruket når ein ser den køen der, fortel Olav Botnevik om den 10 meter lange køen av ungar som ville prøvesitja traktoren.
Laga eigne skuter
Ved Oselvarnaustet var det kystsogedag med defilering av Oselvaren og underhaldning med Os Mannskor og Durspelsamskipnaden.
Les òg: Kulturpris til Jimmyen
Hallgeir Bjørnevik og oselvarverkstaden hadde rigga til eit basseng og stilte med materiale så ungar kunne bygja sine eigne båtar.
– Sjå på denne då, strålte ein av dei unge båtbygjarane etter å ha bygd båt og sigla skuta i det vesle bassenget.