MX Sport utvida med nok ein butikk
MX Sport Bergen Holding AS, som i fjor flytta hovudlageret sitt «heim» til Os, har overtatt eigarskapen til sin sjette butikk.
MX Sport Bergen Holding AS, som har Odd Arne Larsen frå Fana og brørne Jan Frode og Tor-André Skeie som lokale eigarar, hadde fem butikkar då dei i juni 2016 flytta hovudlageret sitt frå Blomsterdalen til «Lidlbygget» i Ådnadalen i Os.
• Les òg: Flyttesjau i Ådnadalen
– Det fungerer veldig fint i nytt lager, med god takhøgde og effektiv innreiing blir det effektiv drift. I tillegg er vi samlokalisert med fleire andre selskap vi eig eller har eigarskap i, så no er vi rundt 40 tilsette alt i alt, noko som er ein fordel både sosialt og for drifta, seier Jan Frode Skeie.
I «Os lengste gang» finn du kontorfellesskap mellom MX Sport, Sport Outlet, Picapoint og Elements Productions.
Overtok MX Sport Sotra
Det er 25 år sidan Tor-André Skeie (som då var 19 år) overtok sportsbutikken på AMFI Os etter Erik Just Olsen, til Landsskytterstemna i Os i 1992. Med seg på lasset fekk han storebror Jan Frode og pappa Johan.
To år seinare henta han heim Jan Frode frå fotballproff-tilværet i Hellas for å få han med på å starta MX Sport Laguneparken.
Då dei i fjor fekk hovudlager i Os hadde dei fem butikkar; Os, Laguneparken, Åsane, Sletten Senter og Askøy. Omsetnaden i 2015 var på over 143 millionar kroner.
Mot slutten av 2016 kom butikk nummer seks, MX Sport Sotra på Sartor Storsenter.
Frå før eig dei MX Sport Laguneparken, Åsane, Os, Sletten Senter og Askøy, overtok MX Sport Sotra i slutten av november 2016.
Vil styrka butikken
– Vi har hatt eit godt samarbeid med MX-gjengen på Sartor, men førre eigar hadde litt trange kår dei siste åra.
– Vi har rusta opp butikken, auka utvalet og fått inn ein butikksjef som har vore i sportsbransjen i over 20 år. Han var tidlegare sjef i butikken vår på Askøy, seier Skeie om Eirik Høisæther.
At MX Sport Sotra også blir innlemma i eigarane si marknadsføring, og får alle tilboda i eige utval, kan òg vera med på å gje butikken eit løft.
Lager sportsmesse neste helg
I desse dagar er MX-karane i Ådnadalen mest opptatt med andre ting.
Om ni dagar opnar årets Fritt & Vilt, den store sportsmessa i Grieghallen, og MX Sport Bergen Holding er arrangør.
– Det blir som vanleg 60 utstillarar, ekstreme tilbod, rundt 30.000 besøkande, gratis inngang og mange aktivitetar for heile familien, seier Jan Frode.