Musikalske draumar
VIDEO: Både onsdag og torsdag var det fullsett Symrasal då Showbarna viste framsyninga "Musikkens drømmeverden"
Til full jubel frå salen imponerte Showbarna stort då dei tok publikum med på ei nydeleg musikalsk reise torsdag kveld.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
Ikkje berre Justin Bieber
Framsyninga handla om ei jente som er heilt oppslukt i Justin Bieber. Foreldra og lillesøster prøver å fortelja jenta at det finnest meir enn berre Justin der ute i musikken si verd, og då jenta legg seg om kvelden drøymer ho om alle dei forskjellige songane familien liker.
Borna har eit imponerande repertoar og let publikum få kosa seg med tonar frå både Michael Jackson, Beatles, Jan Teigen, Bollywood, Barne-TV – og sjølvsagt; Justin Bieber.
Flotte dansenummer har dei òg, og salen kokte då dei avslutta showet med å "shake it out" i god Idol-stil.
Då jenta vakna hadde ho kome fram til at det er mange artistar ho kan lika, men at Justin Bieber framleis er ein av dei.
Mange lange øvingar
– Vi er så utruleg stolte av ungane, dei har jobba knallhardt for å få dette til, seier Anna Søfteland Neset og Janie Froestad Laupsa.
Dei to er eldsjelene bak Showborna og har hatt mange lange øvingar saman med borna før showet.
I januar i år starta Anna og Janie opp to barnekor gjennom Nore Neset Grendalag, eitt kor for 1.-3. klasse og eitt for 4.-7. klasse.
I "Musikkens drømmeverden" er begge gruppene med.
- Vi fann etterkvart ut at vi ville gjere noko anna enn berre kor, så vi la til dans og drama, fortel Anna.
Populært tilbod
Det var ikkje mangel på interesse då dei to jentene starta opp, allereie første kvelden etter dei starta var eine gruppa full, og ikkje lenge etter den andre.
- Vi håpar å sjå alle igjen til hausten, men også at nye born blir med, fortel dei driftige jentene, som også har planar om å starta opp ei gruppe for elevar på ungdomskulen.
VIDEO: Sjå fem minutt av showet i Symrasalen torsdag. (Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand, Midtsiden.no)