Musikalsk skulestart
329 elevar fekk ein musikalsk start på skuleåret då den nye ungdomsskulen på Nore Neset opna måndag.
Til å leie undervisninga heile den første dagen hadde nemleg rektor Anne F. Fristad henta inn gutta frå The Brazz Brothers.
– I dag har eg heilt slept kontrollen, eg veit ikkje kva som kjem til å skje i løpet av dagen.
– Den skal The Brazz Brothers styra heilt og fullt, forklarte Fristad.
Show i ettermiddag
Det røynde brazz-bandet skal i løpet av dagen setta samen eit program som elevane skal framføra for foreldra når skulen har den første av to offisielle opningar måndag ettermiddag.
– Er det nokon som speler blåseinstrument?
– Er det nokon som spelar keyboard eller gitar?
– Kva med trommer. Er det nokon som spelar det, eller som har lyst til å spela det? Kven av lærarane vil, spørte Jarle Førde den litt reserverte forsamlinga.
– No skal vi dela oss inn i grupper, så møtast vi her igjen om ein times tid, så ser vi kven av oss som har kome lengst. Det blir litt konkurranse av det, i allefall for oss i bandet, smilte Førde.
Byggja venskap
Rektor si hensikt med å la Brazz Brothers overta styringa den første skuledagen var todelt.
– Eg håpar jo at elevane skal få ein fin start på skuleåret.
– Men like viktig er at dei skal læra kvarandre å kjenne og å bygga venskap på tvers av klassene og trinna.