Musikalsk avduking
Mange musikarar og kunstnarar deltar i Visningssenteret når Jarl-Hugo Låstad sitt portrett av Magne Lunde skal avdukast torsdag.
Torsdag er det vernissasje i Visningssenteret. Heile 25 kunstnarar stiller ut i det som skal gjera det flotte råbygget til eit kulturbygg i vekene fram til jul.
Men det er ikkje berre kunstnarar som deltar, under vernissasjen skal det vera avduking av Jarl-Hugo Låstad sitt nye portrett av osingen Magne Lunde, ofte kalla Noregs beste trommeslagar.
Bergensmusikaren Helge Nilsen står for avdukinga. Etter avdukinga kjem Lunde til å spela saman med musikarar som Hans Petter Gundersen, Heidi Torsvik, Sgt. Petter, Ove Eriksen og irske Dermot Barett.
Det var etter å ha opplevd en innovativ solokonsert med Magne Lunde at kunstmalaren Jarl-Hugo Låstad blei så begeistra at han forlangte å få laga eit portrettmåleri av han.
Dørene opner klokka 18.00, cirka 18.40 er det avduking. Inngang er gratis.
Laurdagane som kjem skal fleire musikarar laga stemning i galleriet i Visningssenteret:
27.11: Konsert med Alvorada (jazz med brasilianske rytmer) Aasmund Brekke, Arne Hernes, Hallvard Lyssand og Nils Midtseter
11.12: Presentasjon av maleri til Arne Rønnestads komande CD
18:12: Konsert med Julian Karlsen og Tommy Aslaksen (poprock) og Blue Note Shuffle (bluesrock) Steinar Lyssand, Kjell Arne Haringstad og Torbjørn Kristiansen