Lokal | 29. mai 2013
Mur raste ut
Eit lengre stykke av ein mur hamna ut i vegen i eit nabolag på Halhjem natt til onsdag.
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. mai 2013 10:30
Natt til onsdag raste store delar av ein halvannan meter høg mur ut i vegen i eit nabolag på Søre Neset.
Då Midtsiden var på staden var området markert med varselstrekant og delvis sperra av, og eigar hadde allereie rydda alt ut av vegen.
Han var ikkje interessert i å kommentera saka.
– Vi har venta på det, muren har hengt ut i vegen i lengre tid. Det er bra ingen folk eller bilar blei skadd då den raste ut, seier ein nabo til Midtsiden.