Møter rekruttlaget til Larvik
Handballdamene til Os møter fire lag frå austlandet neste sesong. Blant dei Fram, som er rekruttlaget til eitt av verdas beste klubblag, Larvik HK.
Neste sesong speler Os i den nasjonale 2. divisjonen etter å ha kvalifisert seg gjennom ein sjuande plass i den regionale 2. divisjonen i fjor.
Tidlegare i mai kom puljeoppsettet som syner at Os skal møte dei andre vestlandslaga, pluss Vikersund, Skrim, Runar og nemnde Fram.
– Vi er veldig nøgd med pulja vi hamna i. Vi hadde frykta at det skulle bli mykje meir reising, men no ser det ut til at det blir to turar austover og to turar til Sogn og Fjordane, seier Gitte Torp, som er klar for ein ny sesong i trenar-tospann med Trond Førde Eriksen.
Spennande lag
Torp har naturleg nok kikka på tabellane frå i fjor for å vurdera kva motstanderane står for.
– Fram, som er rekruttlaget til Larvik, held eg som det sterkaste laget av austlandslaga. Dei hamna på 2. plass i fjor. Samstundes ser eg at dei òg skal satsa på Lerøy-serien for J18, så det er nok eit ungt lag.
– Vikersund og Skrim frå Kongsberg kom henhaldsvis på femte og sjette plass, så dei vil eg tru er ganske jamne med oss. Runar er nyopprykka frå 3. divisjon. Det skal bli spennande, men ingenting er umogleg, oppsummerar Torp.
Starter heime
Om det føreslegne kampoppsettet som no er ute på høyring blant klubbane blir vedteken så starter Os heime mot Skrim søndag 4. september.
– Helga etter er vi satt opp mot Vikersund, også det heime, så her får ospublikummet møta dei nye laga med ein gong.
– Siste serierunde, i april, er vi satt opp borte mot Stryn. I det store og heile er vi godt nøgd med korleis kampoppsettet ser ut. Dette skal bli veldig gøy, smiler assistenttrenaren.
Dei fleste er med vidare
Sin eigen tropp er ho i det store og heile godt nøgd med.
– Vi har nokre av 96-erane som skal flytte frå bygda for å studere, i tillegg har Mona Stigen Heggeland sagt at ho vil gje seg, men dei andre er med vidare.
– I tillegg håper og trur eg at det er nokre av 99-erane som tek steget i løpet av sommaren og hausten. Vi ser tendenser allereie. Trond og eg har sagt til jentene at det er ingen som har faste plasser, her må ein kjempa og vise på trening og i kamp at ein fortener plassen.
– Kjem det nokre nye utanfrå då?
– Vi har nokre følarar ute og er i nokre dialoger, men førebels er ingenting avklart, svarar Torp.
Tung oppkøyring
Jentene trener no tre økter på to timer kvar veke ut juni, før dei startar oppatt i byrjinga av august og reiser på treningsleir helga etter skulestart.
– Eg er nok ikkje veldig populær hos jentene om dagen. Dei blir køyrd hardt både på kondisjon og styrke, men det treng vi skal vi vera rusta for ein ny sesong, avsluttar Torp.
Slik er puljene i kvinner 2. divisjon
Avdeling 1
Junkeren, Ankenes, Bravo, Elverum, Storhamar Bredde, Nit/Hak, Gjøvik, Fredrikstad Bkl 2, Sarpsborgalliansen, HK Halden 2, Aker 2, Hønefoss
Avdeling 2
Sotra, Åsane, Stord, Fana 2, Førde, Gneist, Os, Stryn, Vikersund, Skrim IL, Fram, Runar
Avdeling 3
Hinna, Nærbø, Stavanger IF, Ålgård, Bryne, Sandnes HK, Randesund, Våg bredde, Grane Arendal, Gjerpen 2, Pors, Glassverket 2
Avdeling 4
Volda, Ålesund, Utleira, Molde HK Elite 2, Charlottenund SK HE, Byåsen Bredde, Sverresborg, Orkanger, Levanger 2, Bækkelaget Håndball Elite, Nordstrand Håndball Elite 2, Oslostudentene IK