Møter Fana i NM
Torsdag tek handballdamene til Os imot 1. divisjonslaget Fana i NM-kamp. – Det skal bli kjekt å komma igang, seier Ostrenar Erlend Lyssand.
Det er duka for lokaloppgjer med mange kjente Os-fjes når Fana med søstrene Emilie og Elise Christensen, Kristine Henriksen Håland og Eva Kristiansen vitjar Oshallen i 1. runde i NM torsdag klokka 19.
– Det skal bli kjekt å komma i gang med sesongen.
– Kampen kjem riktig nok litt tidleg på oss, men det er ei utfordring vi berre må ta. Det er like tidleg i sesongen for Fana, smiler Os-trenar Erlend Lyssand.
Litt bak fjorårssesongen
I fjor reiste handball-damene til os på treningsleir i Kroatia for å førebu seriestaten, i år har Lyssand vald å leggja oppkøyringa i heimlege omgjevnader.
– Vi har nett avslutta ei god treningshelg med doble økter både laurdag og sundag.
– Samenlikna med fjorårsseongen ligg vi nok litt bak, men vi gler oss til å møte Fana og håpar på mykje folk og ein god kamp, seier Lyssand.
Har missa to spelarar
Han stiller omlag med same mannskap som førre sesong.
– Tonje Hjertnes har lagt opp og Anna Bjørke Kallestad har gått til Viking i 1. divisjon, ellers er vi same mannskap som i fjor.
Som herrelaget skal også damene ut i åpningscupen i Haukelandshallen til helga. Dei møter Bjørnar, Stord og Voss i dei innleiande kampane fredag og laurdag.
I seriepremiéra møter dei Sotra borte sundag 15. september.