Politikk | 20. okt. 2021
Møte i dag, 20. oktober: Plan, bygg og miljø
Med langt over 100 saker på lista.
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. okt. 2021 08:44
I går var Plan-, bygg- og miljøutvalet på synfaring i det som var første møte sidan 1. september.
Tilbake på rådhuset fekk dei orientering om trafikksikringsplanen, som skal ut på høyring.
Det er to møter i utvalet seinare i år, 17. november og 1. desember.
Dagens møte startar 08.45.
Sjå direktesending frå møtet i ruta under eller på kommune-TV
Den lange sakslista
Etter nytt frå administrasjonen og status for planarbeid kjem blant anna desse sakene:
- 2. gongsbehandling for Solstrandstykket 63/7 m.fl.
- Politisk høyring av saker på sommarfullmakt; Revsåsen sør II, SKeisstøa Nordstølen, SNIL-hallen og Hagavik/Skolund.
- Uttale til planprogram for E39 Stord-Os
- Behandling av fire klagesaker
- 1. gongsbehandling av detaljregulering for Kuventræ 54/11 m.fl.
- Orientering om vidare arbeid med KDPA Bjørnafjorden vest (arealplanen for Os)
- Høyringsuttale til forslag om endring av plan- og bygningslova om fortetting
- Prinsippsak om avkøyrsler
- 121 delegerte saker (som nybygg, tilbygg, støttemurar og rubhall)
- 5 referatsaker
- Politisk kvarter