Morsmål gav meirsmak
Det første terningkastet har kome og i kveld har ORBO fleire osingar med seg på og ved scenen på sleppefest for "Steingard" på Madam Felle.
– Det har vore ei krevjande plate å lage, seier Ole Reinert Berg-Olsen om hans første plate på norsk.
"Steingard", som blant anna inneheld duett med Steinar Albrigtsen og med Herborg Kråkevik, og stemmer frå Os Mannskor og Fonos, kom i hyllene i dag.
Les òg: 50 stemmer på ny ORBO-plate
Duettene med Herborg Kråkevik i «Statuen» og Steinar Albrigtsen i «Midnattsol» er blitt to høydepunkter. Men Orbo klarer seg også godt alene, som i «Dagene er for lange», meiner BA, og gjev terningkast 4 til Steingard.
– Eg er nøgd med anmeldelsen og spent på kva som kjem. BT sin blir truleg publisert i morgon, over helga kjem det fleire, seier ORBO.
– Meir kraftfullt på norsk
Ole seier han aldri før har jobba så mykje med tekstane til ei plate som med Steingard.
– Det blir meir kraftfullt på norsk - og folk legg meir merke til teksten. Det har vore utfordrande, men samtidig har det kome naturleg.
Den første reaksjonen fekk han frå Longshots-medlem Reidar Opdal.
– Først sa han at det var ufatteleg uvant å høyra meg på norsk, men no seier han at han har blitt vant med det, og at han synest det er rart å høyra meg synga engelsk, ler ORBO.
Sleppefest med stand-in
I 21-tida i kveld startar sleppefesten, ORBO sin første på Madam Felle.
– Eg har spelt ein del på Madam Felle, blant anna med dei faste julekonsertane. Men dette er min første sleppefest her nede.
Delar av Fonos er med for å kora. I tillegg er Fonos-medlemmet, den for mange kjente trubaduren Leif Østrem frå Os, med som stand-in.
– Leif har takka ja til å steppa inn for Steinar Albrigtsen, det var veldig hyggeleg. Og så har vi ei kjempeflink jente som tar Herborg si rolle, Hilde Hasselberg, fortel ORBO.