Politi | 25. apr. 2024

Moped kolliderte med bil

Ingen skadd i uhell i Os sentrum.

Moped kolliderte med bil
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. apr. 2024 16:43

Torsdag klokka 18.16 fortalte politiet om eit trafikkuhell i 18-tida på Byvegen nær Os sentrum.

Utrykningspolitiet rykte ut til staden.

– Moped og bil hadde same fartsretning då mopeden køyrdi i bilen bakfrå, opplyser politiet på staden.

Ingen personar blei skadd, og det var knapt synleg skade på skjermen på skuteren.

– Det var ingenting å reagera på, så vi opprettar ikkje sak.

Partane fylte ut skademeldingskjema på staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.