Moods jaktar på ungdom
Tilbyr gratis pizza og 500 kroner for ein prat om trafikk.
Moods Research ønskjer å møta ungdom mellom 15 og 20 år frå Os for ein prat om trafikk.
– Det bør vera ungdom som kjører bil eller som ofte sit på i bil, seier Kjetil Osablod Grønvigh.
Analyseselskapet Moods har leigd eit konferanserom på Bjørnefjorden Gjestetun onsdag kveld. Der dei vil prata i 2 timar med til saman 10 ungdomar.
– Eg blei kontakta i går med spørsmål om eg, som tilsett i Os kommune og med bakgrunn i ungdomsklubben, ville prøva å rekruttera interessert ungdom.
Og Kjetil veit om minst éin plass der han treff bilinteressert ungdom; utanfor Os stasjon ved rundkjøringa i Os sentrum.
– Heilt greit
Det er tett mellom 80-talssymbola ved Undino på kveldstid. Småstyla volvoar av eldre type med tett kratt av wunderbaumar hengande frå speglet står side om side, enkelte med lyskastarar som kan få ein hjort til å fella geviret.
– Det manglar revehale i antennene, elles synest eg dette er utruleg stilig, seier mr Osablod.
Han kjem fort i prat med bilførarane, og bertene som sit på.
– Eg kunne godt tenkt med å vore med, men eg har ikkje tid, seier Aleksander Stavenes.
– Eg er med, seier Amalie Helland, og kastar seg over telefonen for å rekruttera med nokre kameratar.
– Vi kan alltids diskutera trafikk og få pizza og gåvekort. Dei er vel interessert i å høyra kva vi meiner om tryggleik og fart, seier Espen Røttingen, som saman med Jan-Egil Sælen også meldte seg som interessert.
Plass til to til
– Dette var storveis! seier Grønvigh etter ein liten halvtime. No har vi over halvparten av det vi treng.
I den første gruppa (17.30-18.30) skal det vera til saman fem gutar og jenter, i den andre gruppa (19.00-21.00) skal det vera fem gutar.
– Vi har plass til 2-3 ungdomar til. Dei som vil kan melda seg til meg på epost, seier Kjetil.