Mistenkt for køyring i rus
Politikontroll på Byvegen tysdag kveld. Éin er tatt, mistenkt for køyring i rusa tilstand.
Klokka 21.45 stilte patrulja frå Os lensmannskontor seg opp i Byvegen for å kontrollere trafikken.
– 20 bilistar blei kontrollert.
– Etter om lag tre kvarter kom ein bilførar kor patruljen fekk mistanke om at vedkommande køyrde i rusa tilstand.
– Føraren blei teken med til legevakta for ei utvida blodprøve, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Førarkortet blei beslaglagt og føraren meldt for køyring i rusa tilstand.
Uleseleg førarkort
Dei 19 andre som blei stoppa i kontrollen hadde alt i orden.
– Rett nok var det ein som fekk pålegg om å ta seg ein tur på biltilsynet for å få seg nytt førarkort.
– Det vedkommande hadde var praktisk talt uleseleg, forklarar Hadler-Olsen.
2 x pipebrann
Politiet var òg ute på pipebrannen på Søfteland tysdag kveld.
– 20 minutt seinare kom det melding om ein tilsvarande i Sollia.
– Patrulja rykte ut på staden, men såg ikkje flammar. Det blei difor avtalt at brannvesenet skulle kontrollera denne på veg tilbake frå Søfteland, avsluttar politioverbetjenten.