Mista skia i debuten
Laurdag debuterte osingen Arne Veim Haugland i noregscupen i freeride. Det blei ein bratt og hard dag på ski.
I går blei sesongens andre noregscup i frikjøring arrangert, og frå start i Hunnedalen i Stavanger stilte osingen Arne Veim Haugland.
– Eg er usikker på kva som gjer at eg er blant dei heldige som har kome med i noregscupen, eg er nok blant dei med aller minst erfaring, seier Arne.
Men den spreke osingen, som blant anna er Os-meister i dødsing og har arrangert fleire bigjump-konkurransar, stilte i Hunnedalen, valte seg ei linje og gjekk til toppen.
Mista skia
– Vi blir dømt etter linjeval og gjennomføring, kontroll, flyt, drop og eventuelle triks.
– Dessverre var det veldig hardt føre, det var meir is enn skare, seier Arne, som starta med eit drop, men mista så den eine skia, og derfor ikkje fekk score.
– Det var så isete at eg ikkje klarte å sparka alpinstøvelen inn i snøen då eg skulle henta skia. Og eg visste at om eg ramla så ville eg ha segla 200-300 meter på is ned fjellsida.
Klar for neste runde - og for fallskjermhopp
Men Arne gjekk rundt det brattaste partiet, henta skia og kom seg heilskinna ned.
– Neste noregscup går i Sauda i siste halvdel av april. Eg satsar på at det går betre då, seier Arne, på veg heim til Os for å få ei god natt med søvn før søndagens fallskjermhopp.
Les meir om noregscupen på norwayfreeride.no.