To mista lappen
To menn blei fotgjengarar torsdag etter 80 og 81 km/t på Hatvikvegen og i Hegglandsdalen. Ein annan er mistenkt for promillekøyring.
Mellom ni og halv ti torsdag morgon blei ein godt voksen mann stoppa i Hatvikvegen etter å ha køyrd godt over fartsgrensa.
– Han blei målt til 81 km/t i 50-sone og fekk førarkortet beslaglagt.
Tre på kort tid
Litt seinare på dagen var det ein litt yngre mann, i 40-åra, som måtte gje frå seg førarkortet.
– Han blei stoppa på Hegglandsdalsvegen etter å ha blitt målt til 80 km/t i 50-sona der, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
– Vi har fått fleire meldingar frå folk i Hegglandsdalen som har vore uroa over høg hastighet.
– Dette var tredje gong på kort tid at vi har gjort førarkortbeslag på strekninga, så den uroa er nok rett.
– Politiet kjem til å framleis følgje opp strekninga innover Hegglandsdalen med hyppige kontrollar og overvaking, seier Sperrevik.
Tok blodprøve
Då politiet fekk melding om ein mogleg rusa sjåfør var det på ny ut langs vegane for å ta trafikksyndarar.
– Vi traff på mannen i 40-åra og tok han med på kontoret for ein kontroll.
– Han blei tatt blodprøve av for å sikra bevis og kan venta seg eit rettsleg etterspel, forklarar politioverbetjenten.
Tok skilt
Torsdag blei det igjen stole skilt frå ein parkert bil, denne gongen ved Rema 1000.
– Det er berre å minne om at folk bør sikra skilta på bilane sine og følgje med om dei ser nokon som byrjer å herje med bilar som står parkert.