Minst éin elev smitta
Alle på 8. trinn får heimeskule fredag.
Tidlegare i dag gjekk to klassar på 8. trinn og fem tilsette ved Os ungdomsskule ut i karantene grunna smitta lærar.
No har éin elev på 8. trinn fått påvist covid-19.
Medan kartlegging av nærkontaktar pågår, vil heile trinnet få heimeundervisning. Ingen elevar på 8. trinn skal møte på skulen i morgon, fredag, skriv rektor i ei tekstmelding til foreldre i kveld.
Dei tilsette ved skulen som blir rekna som nærkontaktar, er varsla.
Skulen har sendt ut SMS med informasjon til alle føresette på 8. trinn torsdag kveld, skriv kommunen på sine heimesider.
Føresette til elevar som er nærkontaktar til den smitta eleven, og som difor må gå i karantene/ventekarantene, får ei eiga melding om dette.
Helsepersonell frå kommunen vil ta kontakt i løpet av fredag for å gi meir informasjon og rettleiing til nærkontaktane og deira husstandsmedlemmer.
Det er ikkje mistanke om smittespreiing til andre trinn ved skulen. Alle øvrige elevar og tilsette skal difor møte på skulen som vanleg.