Ministeren inspiserte nye E39
E39 Svegatjørn - Rådal: Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen let seg imponera over logistikken på byggeplassen i Endelausmarka.
Torsdag morgon stoppa samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) innom Os ein tur for å sjå nærmare på framdrifta for nye E39 mellom Svegatjørn og Rådal.
Etter å ha møtt representantar for Statens vegvesen, ordførar Marie Bruarøy (H) og leiar av plan- og bygningsutvalet Gustav Bahus (Frp) ved Ulvenparken blei følget køyrd inn i Endelausmarka gjennom Skogafjelltunnelen.
• Bildeserie: Flyfoto av Endelausmarka (mai 2018)
– Dette er den tunnelen som har kome lengst, kor entreprenøren no held på med frost- og vannsikring før elektro kjem inn frå hausten av, fortalde Kari Bremnes, byggeleiar i Statens Vegvesen på veg gjennom tunnelen.
Dekker åtte meter i kvar omgang
Til dette arbeidet nyttar Vegdekke Noregs største maskin for frost- og vannsikring.
– Det finst berre to slike maskiner i Noreg. Den dekkjer åtte meter i kvar omgang og dei køyrer opp mot tjue omganger per skift, så det går unna. Men det må det også gjera på eit så stort prosjekt som dette, forklarte Bremnes.
Knuser enorme mengder stein
Inne i Endelausmarka fekk statsråden sjå bruene som var ferdige og ei orientering om bruk og deponering av massene ein tek ut frå tunnelane og området.
– Berre på denne delen av prosjektet har entreprenøren knust heile 500.000 kubikk med stein som brukast til å byggje oppatt vegbanen, fortalde byggjeleiaren.
– Vanvittig kult
Solvik-Olsen lot, som menn flest, seg fasinera av dei mange maskinene og dei enorme dimensjonane over prosjektet.
– Det vanvittig kult å få sjå dette. Eg er imponert, ikkje minst når det gjeld logistikken her inne med alle dei massane som dei skal flytta rundt på, fortalte ministeren til Midtsiden i bussen på veg tilbake til Ulvenparken.
Stor samfunnsnytte
Han var også nøgd med rapportane om at prosjektet er i rute til opning i løpet av 2022.
– Det er eg godt nøgd med. Dette er eit stort og viktig prosjekt, ikkje berre med tanke på sjøvlve vegen, men også med tanke på den samfunnsnytten det vil gje.
– Eg trur vegen vil vera med på å gjera Os enno meir attraktivt. Både som ein kommune å busetta seg i, men også å etablera næringsaktivitet. Ein kan sjå for seg at folk ikkje berre pendlar frå Os til Bergen, men like gjerne den andre vegen.
– I tillegg er det jo kjekt å sjå kor mange lokale arbeidsplassar prosjektet skaper gjennom ulike underentreprenører, avsluttar Solvik-Olsen før han hastar videre sørover langs E39.
• Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn-Rådal