Miljøpris til Solstrand
40 år med systematisk arbeid held fram ved Solstrand Hotel & Bad.
Solstrand Hotel & Bad fekk i dag Vestland fylkeskommune sin klima- og miljøpris for 2024.
Fylkesordførar Jon Askeland overrekte så prisen på 70.000 kroner til Børrea og Pernille Schau-Larsen, tredje og fjerde generasjon eigarar.
Det var totalt vart 74 nominasjonar til prisen. Alle blei vurderte av innstillingsutvalet.
– Heilt sidan 1980-talet har prismottakaren jobba aktivt med å vera ei leiande kraft i bransjen. Dei har ein eigen visjon om å vera ei drivkraft for det grøne skiftet i Vestland, seier Nils-Anders Nøttseter (MDG) ifølgje vlfk.no.
Nøttseter var leiar i innstillingsutvalet til prisen. Den blei delt ut under fylkestingsmøtet i Ulvik i dag.
Ordførar i Bjørnafjorden, Terje Søviknes, sit òg i fylkestinget. Han har sendt bilde og gratulasjon til lokalavisene.
Solstrand tok tidleg grep og investerte i miljøteknologi allereie i 1986. Dei har sidan redusert både energiforbruket og avfallsmengda si.
– Etter vesentlege investeringar i energikartlegging og styring, jobbar vi no med å finne gode løysingar for lagring av energi.
– Den teknologiske utviklinga gir oss stadig nye moglegheiter, og prisen inspirerer til å fortsette med like stort engasjement for nye grep, seier Børrea Schau-Larsen.