Kultur | 22. nov. 2012

– Mikrofonen er din!

Nyesjefen på Irish Cat, Bjarte Andersen, har hyra inn den portugisiske vokalisten og DJ-en Antonio Romao til å kjøra karaoke i Os fredag kveld.

– Mikrofonen er din!
Barsjef på Irish Cat, Bjarte Andersen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. nov. 2012 21:36

Bjarte Andersen har jobba på Irish Cat sidan nattklubben opna i desember for to år sidan. I haust overtok han som fungerende barsjef etter Patrick de Castro.

– Eg hadde nokre idear om endringar og arrangement eg ville prøva ut i Os, fortel Bjarte.

Blant endringane er gratis inngang heile fredag og laurdag før midnatt, som Irish Cat starta med i oktober.

– Det er noko vi har diskutert ei stund, og noko vi kjører no ein periode. Alt styret rundt ombygging og bruksendring har tatt litt på, i tillegg har det blitt auka konkurranse innan kultur- og utelivet i Os.

– Og det kjem meir nytt frå oss, blant anna er vi i dialog med andre i bransjen i Os om samarbeid i tida som kjem.

Meir variert underhaldning blir det òg, noko vi får sjå allereie i morgon.

Stjerneskot styrer showet

Frå før har Irish Cat hatt hyppig frekvens av livemusikk og standup. No kjem også karaoke, leia av ein musikar og DJ som er kjent over store delar av Europa.

– Antonio Romao (32) starta som artist då han var 14 år. Han har vore frontfigur i fleire band. turnert med QF Band og vore på scenen med franske International Orchestra, fortel Andersen.

Antonio, som også har gjeve ut eit album, har dessutan jobba som soloartist både i Portugal, Spania, Italia og Storbritannia.

– No for tida har han base i Bergen og blir sett på som eit av dei hottaste namna i klubb-bransjen. Vi gler oss til å sjå korleis han styrer karaoken på Os, og kva lokale vokalistar vi får på scenen i morgon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.