Mike and The Mechanics til Osfest
Ny artist klar for Osfest. – Laurdagen blir avslutta med Mike and the Mechanics, fortel Ole Reinert Berg-Olsen.
Fredag slapp Osfestgeneralane eit av dei nye toppnamna.
– Mike and the Mechanics kjem til Osfest. Dei skal avslutta arrangementet laurdag 6. august, fortel Ole Reinert Berg-Olsen.
Mike and the Mechanics starta som eit sideprosjekt i 1985 for Mike Rutherford medan han framleis spelte med Phil Collins i Genesis. Bandet hadde ei rekkje hit-singlar på 1980- og 1990-tallet, blant anna «Silent Running (On Dangerous Ground)», «All I Need Is a Miracle», «Over My Shoulder», «The Living Years» og «Word of Mouth».
I 2004 blei bandet oppløyst då Rutherford blei gjenforent med Genesis. I 2010 tromma Rutherford bandet saman igjen, no med ei ny besetning. Mike and the Mechanics består i dag av Mike Rutherford, Andrew Roachford, Tim Howar, Anthony Drennan, Luke Juby og Gary Wallis. Etter at dei kom saman igjen har dei slept fleire nye låter.
Frå før har Osfest booka Nik Kershaw, Donkeyboy, Odd Nordstoga, Maya Vik, Vamp, Frode Alnæs, Sigvart Dagsland, Heine Totland, Marcus og Martinus.
– Vi har framleis nokre ess i ermet, avsluttar Berg-Olsen.