Politikk | 25. juni 2024

Heider til Mikal Leigland og Magne Djuvik

Fleire tiår i teneste for lokalsamfunnet.

Heider til Mikal Leigland og Magne Djuvik
Elin Johnsen
Elin Johnsentysdag 25. juni 2024 12:53

Bjørnafjorden kommune opplyser på si heimeside at Mikal Leigland og Magne Djuvik begge er tildelt KS sin medalje for mange år med fortjenstfull samfunnsgagnleg verksemd som folkevalde.

Leigland får utmerkinga posthumt.

– Det er viktig å få anerkjenna den fantastiske innsatsen som dei år etter år har gjort for eit levande lokaldemokrati, seier Trine Lindborg, som foreslo dei to til KS då ho var ordførar.

– Det har vore forseinking i produksjonen av medaljane, difor har prosessen tatt uvanleg lang tid, seier Lindborg ifølgje kommunen si heimeside.

Mikal Leigland (1961-2022) hadde ei rekke verv i lokalpolitikken i over 30 år. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Mikal Leigland (1961-2022) hadde ei rekke verv i lokalpolitikken i over 30 år. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Mikal Leigland (1961-2022)

Mikal Leigland døydde i desember 2022, og er tildelt KS-medaljen posthumt.

Han blei vald som Senterpartiet sin første vara til kommunestyret i Fusa i 1991.

Frå 1993 møtte han fast, og han blei gjenvald ved alle val til og med 2019.

Leigland fylte ei rekke ulike verv i kommunepolitikken i Fusa gjennom tre tiår.

Han var mellom anna medlem av arbeidsmiljøutvalet, leia utval for helse og sosiale tenester, leiar i klientutvalet, vara til utval for plan og økonomi, nestleiar i klagenemnda, varamedlem i skatteutvalet, leiar i levekårsutvalet, medlem i utval for kultur og oppvekst, medlem i formannskapet i tre periodar og medlem i administrasjonsutvalet.

Frå 2018 var Mikal Leigland medlem i fellesnemnda som førebudde kommunesamanslåinga, og frå 2019 til 2022 var han varaordførar i Bjørnafjorden kommune. 

Magne Djuvik. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Magne Djuvik. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Magne Djuvik (1955 - )

Magne Djuvik blei vald inn i kommunestyret i 1991 for Samlingslista i Fusa.

Han har mellom anna vore leiar for plan- og miljøutvalet, medlem i formannskapet og varaordførar i Fusa.

I Bjørnafjorden kommune var Djuvik leiar av kontrollutvalet.

I 2019 blei Magne Djuvik vald inn i Bjørnafjorden kommunestyre for FRP. I 2020 melde han seg ut av FRP og inn i partiet De Kristne, og møtte som uavhengig i kommunestyret.

Magne Djuvik flytta frå Bjørnafjorden i 2023, og fekk difor fritak frå politiske verv.

Etter over 30 år med politisk arbeid i Fusa og Bjørnafjorden, er Djuvik framleis politisk engasjert, no i partiet Konservativt i Drammen. 

– Kan vera fleire kandidatar

– Mikal og Magne har lagt ned ufatteleg mange timar med dugnadsarbeid. Dei er eksempel på folk som engasjerer seg i lokalpolitikken fordi dei bryr seg, ønsker å påverke og skape gode tenester og lokalsamfunn.

– Det står stor respekt av innsatsen, og det er fint å kunne få vise det med ei slik utmerking. Det kan henda at fleire av dei som etter sist val har gått ut av politikken i Bjørnafjorden, også kan kvalifisera til utmerking.

– Eg er trygg på at ordførar Terje Søviknes vil sjå til at det skjer, seier tidlegare ordførar Trine Lindborg.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.