MidtsidenCup: Beste damepulje på 11 år
Desse laga er påmeldte til no. Fristen er flytta til onsdag.
Førstkomande laurdag er det gatecup for vaksne på Kuventræ.
Påmeldingsfristen var i går, men den er no flytta til onsdag 9. november klokka 12.
– Det er nok påmeldte lag i alle klassar, men vi har plass til nokre lag til før vi spikrar kampoppsettet, seier Endre Brenne frå Os Fotball.
Så langt er det 21 påmeldte lag mot 22 i fjor.
Dei fordeler seg sånn:
Herrar elite: 4
Herrar amatør: 6
Bedrift: 6
Damer: 5
– Vi veit om eit par gjengar som prøver å samla tropp, så vi gir dei og alle andre noko meir tid, seier Brenne.
Fleire av cupdeltakarane har også meldt seg på fotballgallaen i Oseana laurdag kveld.
– Nokre har berre meldt seg på festen etter middagen, men dei fleste frå gatecupen som deltar på gallaen har booka seg inn med bord og full middag.
12 år sidan sist det var fleire damelag
Det er fem år sidan sist det var nok påmeldte i dameklassen, og fleire år låg det på berre 3-4 lag.
– Det er også veldig kjekt å sjå at vi har heile fem lag påmeldt i dameklassen. Det betyr at alle laga får minst fire kampar, mot ulik motstand, før dei byrjar å kjempa seg til finale.
Det er 11 år sidan sist det var så mange som 5 påmeldte i dameklassen. Året før var det 7.
Desse laga er påmeldte til no
(lagleiar i parantes)
Damer:
BALLIN (Kine Heggland Sælen)
Det blå toget-old stars (Inger Foldrup)
Haapet2 (Jorunn Staverløkk)
Kommunedamene FK-Fall og knall (Elin Tuft)
Godt & Blandet (Vy Nguyen)
Bedrift:
SK Ambulanse (Mons Martin Borgen)
Brann og Redning (André H. Solbakken)
Elements Production AS (Torkel Hjertnes)
Kongshaug Fotballgymnas (Ina Storeheier)
OM-spesialisten (Valter Midtseter)
Sælen/Vestmekaniske (Tore Sælen)
Herrar amatør:
1-2 (Kjetil Eide)
Bacon FC (Fredrik Bjørkelund)
Fotballens Knoll og Tott (Frode Øye)
Hooligans FC (Sebastian Bruarøy)
Tatt av vinden IL (Endre Brenne)
Ungdomskilden IL (Torstein Hermansen)
Herrar elite:
Likbrekko (Mr Moberg)
Make Peter Great Again (Alexander Tøssebro)
Pique Blinders (Spangelo Haga)
Øyglimt Elite (William Austevoll Bolstad)