Næringsliv | 05. jan. 2016

Midtsiden flytta aust om elvo

Midtsiden avslutta året på flyttefot og har no større boltreplass i Os Eldresenter.

Midtsiden flytta aust om elvo
Midtsiden-redaktør Kjetil Vasby Bruarøy framfor dei to etasjane avisa no leiger i Os Eldresenter. (Foto: Cathrin Valestrand)
Cathrin Valestrandtysdag 05. jan. 2016 21:44

Bildeserie:

– Utsikta er ein bonus, meiner Bruarøy.
– Utsikta er ein bonus, meiner Bruarøy.
No har alle i avisa kvart sitt kontor.
No har alle i avisa kvart sitt kontor.
– Velkomen innom på ein prat, seier Andris Hamre.
– Velkomen innom på ein prat, seier Andris Hamre.
Delar av lunsjrommet i 3. etasje.
Delar av lunsjrommet i 3. etasje.
Team Midtsiden.
Team Midtsiden.
1 av 5

Første januar 2012 var Midtsiden på plass i Smiegården på Øyro, på loftet hos Paul M. Sælen & Co (Jernia), etter flytting frå kontorfellesskap med Macbox i Industrivegen.

No har Midtsiden AS brukt nok ei romjul på oppussing og flytting.

Fjord-abstinens?

– Det er to årsaker til at vi flyttar på oss. For ein øyakrabbe som meg var det naudsynt å sjå sjøen, for ei lokalavis i Os er det essensielt å vera lokalisert aust om elvo, seier redaktør Kjetil Vasby Bruarøy og ler.

– Spøk til side, vi har hatt tre veldig fine år i Smiegården, midt i sentrum og med Varde Media og Os Sentrumsforening, Os Bygg og Eigedom og Os Reisebyrå som naboar. Men den siste tida har det blitt behov for utvida plass og Smiegården hadde ikkje noko større lokale ledig.

Les òg: Midtsiden har styrka stallen

Trangt om saligheita

Å ha fire-fem taletrengte journalistar på eitt kontor i Smiegården på same tid har ikkje alltid vore like bra for effektiviteten

– Med utvida stab trengte vi større plass.

– Vi var heldige som fekk to etasjar av Os Eldresenter. No har vi kvar våre kontor, noko som gjer det meir praktisk å ta imot kundar og intervjuobjekt, i tillegg til at alle får ei anna form for arbeidsro.

Fengslande historikk

Lokala har tidlegare fungert som lensmannskontor, og den tidlegare badstova, som ser ut til også å ha vore brukt til «glattcella», er blitt eit ypperleg arkivrom - førebels.

– Eg synest du kan sitera Kjetil på at kasjotten kan brukast både til premiering og straff. Premiering om ein skriv fengslande gode saker og straff om ein publiserar ein artikkel med altfor mange skrivefeil, kjem det tørt frå ein glisande Andris Hamre, med klar tilvising til kommentarar som kom under første synfaring av lokala.

God og praktisk utsikt

Dei nye lokala har store vindauge ut mot Hatvikvegen, og sikrar flott utsikt til gjestebrygga, Oselvarverkstaden, Mobergshaugen og politistasjonen.

Redaksjonen har spøkt med at det no blir endå vanskelegare å gå glipp av noko som har med blålys å gjera, men sjefskrabben insisterer på eit meir visuelt alibi for å glana ut vindauget.

– Den idylliske stemninga i Hamnevegen, og den fine utsikta over Os hamn, er ein bonus, den gjev ro og konsentrasjon, seier redaktøren.

Midtsiden ønskjer alle kundar, samarbeidspartnarar, tipsarar og potensiell intervjuobjekt velkommen innom for ein prat.

– Er du heldig har vi ein malarkost til overs, oppussingsarbeidet kom vi ikkje heilt i mål med før flytting, humrar Bruarøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.