Lokal | 07. okt. 2011

Merkinga er i gang

Merkinga av parkeringsplassane i Os sentrum er endeleg i gang. Legg merke til skilting så ikkje du hindrar arbeidet.

Merkinga er i gang
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. okt. 2011 11:52

– Vi treng tørr asfalt for å starta og opphaldvêr nokre timar etter at vi er ferdig. Det er gode meldingar for laurdag derfor satsar vi på å få merka plassane utanfor Kyrkjetunet og nokre av plassane ved gjestebrygga denne dagen, seier Dag Einar Ånonli frå Vegmerking Vest AS.

I utgangspunktet skulle Os kommune ta merkinga, men deira mannskap har så travle dagar at eit privat firma no er sett til å ta jobben.

I tillegg til P-plassane tar Vegmerking Vest også ny merking av fotgjengarfelta i sentrum.

Følg skiltinga!

Skilt er sett opp for å informera bilistane om kor tid dei skal halda seg unna dei to områda.

– Vi håper alle tar omsyn til skiltinga, elles får vi mykje ekstrajobb med å få bilane fjerna.

På kryss og tvers

Ånonli har merka parkeringsplassar i rundt 40 kommunar i år. Han ser at Os er blant dei som kan ha nytte av ny merking.

– Dei fleste har vore av tilsvarande storleik som Os, og har hatt grei merking frå før, men noko slitt. Her i Os står det mange bilar på kryss og tvers, så her blir det ein del å henta på nye, kvite striper.

Får fleire plassar

– Eit sentrum treng ikkje vera merka, men det skaper orden og på større plassar blir det også betre utnytting, seier han.

Vi trengte berre gå 10 meter for å finna eit godt eksempel; bilar parkert på tre rader i staden for to og to.

– På ein plass som dette, med rundt 60 plassar, får du gjerne 6-7 ekstra plassar med god merking.

– Skilta kjem

I tillegg til ny merking skal ny skilting på plass.

– Skiltplanen har lagt hos Hordaland politidistrikt til gjennomsyn ei stund, men kom tilbake tidlegare i denne veka. I dag sendte eg den i retur med justeringar ut frå kommentarane, seier parkeringsvert Elisabeth Thomassen.

Sidan skiltplanen er nær på å bli godkjent er skilta bestilt. Når planen er klar og skilta er komen skal kommunen montera parallelt med arbeidet med merkinga.

Framleis handheving av P-reglane

Onsdag 15. juni starta den nye parkeringsverten til Os kommune å handheva parkeringsreglane i Os sentrum.

Sidan skilting og merking har vore noko mangelfull, og i nokre tilfelle direkte misvisande, har parkeringsvert Elisabeth Thomassen måtta gå noko varsamt fram.

Men tydelege brot har blitt straffa med gebyr og sjølv om parkeringsverten ikkje har vore mykje ute i gatene så er ho framleis i drift.

– Eg hadde ferie i sommar og har jobba mykje med skiltplanen på seinsommaren. Men eg er framleis på jobb, forsikrar ho.

Til saman var ho 4-5 dagar ute i felten, spreidd over nokre veker, og skreiv til saman rundt 70 gebyr.

– Behovet var stort, men det blei betre etter ei stund. Men det er klart at det blir endå betre med ny skilting og tydeleg merking. Det er framleis gratis å parkera i Os sentrum og målet er at det skal bli færre syndarar, spesielt på langtidsparkering, og endå lettare for dei som besøkjer Os å finna ein god plass å setja bilen frå seg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.