Merker stor pågang frå ivrige medlemmar
Os og Nore Neset gir forbod og gode råd til trenarar og spelarar.
– Eg sat på kontoret i klubbhuset og observerte ein del tendensar til gruppeaktivitet. I tillegg har fleire trenarar og lagkameratar tatt kontakt for å spørja om både trening og tilgang på utstyr, fortel Endre Brenne i Os Fotball.
Fredag kveld sendte han ut tydelege køyrereglar til trenarar, spelarar, frivillige og foreldre.
Klubbhus og utstyrsbod er stengt for alle. Ingen av trenarane i klubben ha lov å driva aktivitet, sjølv om det er snakk om få spelarar i spreidd formasjon.
– Foreldre med eigne born er unntaket. Og utøvarar som trener éin og éin, i avstand frå andre. All trening i grupper er ikkje lov, all individuell trening er lov, seier Brenne.
Stenger heile anlegget
Dagleg leiar i Nore Neset idrettslag, Eirik André Hesthamar, opplever det same.
– Vi presiserte dette i melding på Facebook fredag kveld. Eg forstår at det er fristande, men å samlast 5-6 kameratar for å trena er ikkje greit.
Idrettslaget hadde håp om at ungane og ungdomane tok omsyn, og at foreldre følgjer med kva som skjer når dei sender ungane ut.
– No mens eg snakkar med deg observerer vi at meldinga vi la ut i går ikkje fungerer godt nok, seier Hesthamar, som etter at vi la på konfererte med styreleiar Egil Krukhaug og tok ny avgjerd.
– Nore Neset idrettspark er stengt for all aktivitet - også eigentrening!
Vil hjelpa medlemmane med eigenaktivitet
Begge idrettslaga oppmodar medlemmane om å halda seg i form.
– Tren styrke, kondisjon og ballkontroll i tida utan trening med laget, seier Brenne.
Han vil senda rundt eksempel på gode øvingar til trenarane, som dei kan publisera på laga sine Facebook-grupper.
– Du kan gjennomføra mykje god trening både langs vegen, i skogen og på fjellet - i eiga stove og i eigen hage.
– Når det kjem til trening åleine med ball, skjøner eg at det kan vera vanskeleg å koma på noko meir spennande enn å triksa.
Han oppmodar medlemmane å søka opp inspirasjon og tips på Instagram og Youtube.
– Der finn du øvingar som passar for både deg åleine og deg saman med foreldre eller søsken. Så håper vi at alle kjem tilbake med god styrke, kondis og ballkontroll når denne spesielle perioden er over!
Under er eksempel på gode øvingar frå Joner 1on1 sin kanal:
Korona-informasjon fra NIF, NFF og FHI
Norges Idrettsforbund (NIF)
Norges Fotballforbund (NFF)
Folkehelseinstituttet (FHI)