To menn i fyllearresten
Politiet: Stolen båt, utslepp frå båt, tre personar mistenkt for køyring i rus, på dagtid, og to menn taua inn etter bråk i sentrum.
To menn blei natt til søndag køyrd til Bergen for overnatting i arresten etter slåsting i Os sentrum.
Bråket skal ha starta på ein utestad og eskalert etter at dei blei kasta ut.
– Den eine skal ha knipsa ein sigarett i ansiktet på den andre, og slått hatten av han, før dei barka saman, fortel operasjonsleiar Eivind Hellessund i Vest politidistrikt.
Éin av partane blei tatt med i arresten. Ein annan, som banda seg i politiet sitt arbeid, fekk pålegg om å fjerna seg frå staden.
– Han retta seg ikkje etter pålegget, og då han skulle førast vekk slo han til den eine politibetjenten. Slaget var i brystkassen og blir skildra som medium hardt, men vedkomande er meldt og blei frakta til arresten saman med den eine frå slåstkampen.
Dei to er begge i 30-åra og skal, etter det Midtsiden kjenner til, vera brødre. Slekstforholdet vil ikkje politiet kommentera, men Hellessund stadfestar at begge dei to er frå Os.
Tre mistenkte for køyring i narkorus - på dagtid
Laurdag ettermiddag fortalde politiet via Twitter at UP hadde stoppa ein bilist i Industrivegen, mistenkt for køyring i rus.
Dette var ikkje den einaste.
– I 10-tida stoppa dei ei kvinne i 20-åra på Søfteland, klokka 12.43 stoppa dei ein austeuropeisk mann og så, i 15-tida, stoppa dei han i 30-åra i Industrivegen.
– Alle tre gav utslag på UP sin drugtest og er mistenkte for å køyra bil i narkorus.
Klokka 10.42 laurdag formiddag fekk politiet melding om ein BMW med austeuropeiske skilt som køyrde svin på Lepsøyvegen, mellom Os Lakk og Karosseri og Hagavik Hjemmebakeri. Politiet fann ikkje bilen, men det er tydelege spor etter burning på staden.
MC stakk frå politiet
På kvelden, klokka 23.21, var det ein motorsyklist som ikkje stoppa for politiet.
– Dette var på Skeisflaten. Motorsykkelen var mørk og såg ikkje ut til å ha kjennemerke. MC-en stakk frå staden og blei ikkje funnen igjen.
Båt stolen og funnen
I 14-tida laurdag fekk politiet melding om tjuveri av ein 9 fot Askeladden frå Askvik.
Båten var utan motor.
Klokka 15.30 blei båten funnen på Askvikneset.
Utslepp frå båt
Frå eit helikopter (kanskje luftambulansen, som var på helseoppdrag nær Lepsøy i går) blei det i går oppdaga at ein fiskebåt hadde eit utslepp nær Strønebrua, og at dette danna eit kvitt belte i sjøen på 100 x 2 meter.
Politiet rykte ut med båt og helikopter, som no er stasjonert i Bergen i samband med sykkel-VM, og kom i kontakt med fiskarane.
Dei forklarte at dei ikkje var klar over dette beltet, men sa at dette var fiskeavfall som skal vera lovleg å dumpa i sjøen.